Filmoppgåver: Vi kan ikke hjelpe alle - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Filmoppgåver: Vi kan ikke hjelpe alle

Oppgåver om relasjonsferdigheiter, sosialisering og omsorgssvikt med utgangspunkt i filmen Vi kan ikke hjelpe alle. Sjå kortfilmen før du byrjar å løyse oppgåvene.

Oppgåve 1. Etter at du har sett filmen

  1. Kva handlar denne kortfilmen om?

  2. Kvifor trur du filmen har fått tittelen Vi kan ikke hjelpe alle?

Oppgåve 2. Relasjonsferdigheiter

  1. I kortfilmen møter vi ei ung mor som slit med å få pengane til å strekke til for seg og dottera. Beskriv karakterane i filmen.

  2. Korleis opplever du samhandlinga mellom mor og dotter?

  3. Kva blir meint med relasjonsferdigheiter og relasjonsskadar?

  4. Drøft om relasjonsferdigheitene til mora til Alexa påverkar samspelet mellom henne og dottera.

Oppgåve 3. Sosialisering

  1. Gjer greie for kva som blir meint med sosialisering.

  2. Før vi byrjar på skulen, er det nære omsorgspersonar i familien og barnehagen som påverkar oss mest. Vi lærer normer og opplever sanksjonar. Kva blir meint med normer og sanksjonar?

  3. Finn du døme på normer og sanksjonar i kortfilmen?

  4. Drøft kva faktorar som kan bidra til å skape gode sosialiseringsprosessar for barn og unge.

Oppgåve 4. Omsorgssvikt og ansvar

  1. Gjer greie for kva som blir meint med omsorgssvikt.

  2. Er det nokon teikn i kortfilmen Vi kan ikke hjelpe alle som tyder på at Alexa opplever omsorgssvikt?

  3. Kva ansvar har du som fagarbeidar dersom du mistenker at eit barn blir utsett for omsorgssvikt?

  4. Kven skal du kontakte dersom du er bekymra for at eit barn ikkje får god nok omsorg frå foreldra sine?

Relatert innhald

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022