Maslows behovspyramide - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Maslows behovspyramide

Eit behov er noko vi treng for å ha det bra, eller noko vi trur vi treng. Behovsteoriar tek utgangspunkt i at vi er motiverte for å tilfredsstille behova våre. Motivasjon blir då sett på som eit resultat av at viktige behov ikkje er tilfredsstilte.

Maslows behovsteori

Abraham Maslow (1908–1970) meinte at mennesket er aktivt og handlande, har ein fri vilje og har behov for åndeleg vekst. Han utarbeidde ein teori for å forklare dei grunnleggjande behova vi menneske har. Dette er behov som Maslow meinte er gyldige i ulike situasjonar, og som kan forklare fellestrekk ved åtferda til menneske.

Maslows teori kan derfor ikkje nyttast til å forklare spesifikke handlingar i konkrete situasjonar, men han kan gi oss ei forståing av kva for nokre grunnleggjande behov vi menneske har, og motivasjonen vår til å få desse behova tilfredsstilte.

Behovspyramiden

Maslow skil mellom to hovudtypar behov: mangelbehov og vekstbehov. Han stiller opp dei grunnleggjande behova våre i eit behovshierarki som ofte blir framstilt i form av ein pyramide. Nedst i pyramiden finn vi mangelbehov. Det er behova vi må dekkje for å overleve, bli tilfredsstilte og ha det bra. Øvst i pyramiden finn vi vekstbehov.

Mangelbehov

Mangelbehova består av fire grupper behov: fysiologiske behov, behov for sikkerheit og tryggleik, behov for tilhøyrsel og kjærleik og behov for å bli verdsett og for å verdsetje seg sjølv. Dersom vi ikkje får tilfredsstilt desse mangelbehova, vil det påverke det fysiske og psykiske velværet vårt. Vi vil derfor vere motiverte for og ha merksemda vår retta mot å få tilfredsstilt mangelbehova.

Vekstbehov

Når mangelbehova er tilfredsstilte, fører det til at motivasjonen knytt til desse behova avtek, og vekstbehova blir meir framståande. Vi får behov for å gjere ting, utforske, få innsikt i verda rundt oss, føle oss nyttige og behov for å gjere noko for andre. Vi får då behov for å kunne utvikle talenta, kunnskapane og ferdigheitene våre. Dermed rører vi oss oppover i pyramiden, til det Maslow kallar vekstbehov.

Vekstbehov inkluderer behov for kunnskap og forståing, estetiske behov og behov for sjølvaktualisering (å utvikle moglegheitene sine). I motsetning til mangelbehova kan vekstbehova aldri bli heilt tilfredsstilte. Det er slik at jo meir kunnskap vi får, desto sterkare kjennast behovet for å få meir kunnskap og moglegheit til sjølvutfalding ut.

Dei ulike behova

Fysiologiske behov

Fysiologiske behov eller sterke kroppslege behov omfattar behov for mat, drikke, oksygen, søvn og kvile og vern mot vêr og vind.

Små barn, sjuke eller personar med nedsett funksjonsevne kan vere avhengige av at andre bidreg til å tilfredsstille dei fysiologiske behova deira for mat, stell og søvn.

Behov for tryggleik

Behov for tryggleik omfattar behov for føreseielegheit, orden, struktur og personleg tryggleik. Det inkluderer både fysisk og mellommenneskeleg tryggleik. Vi treng vern mot farar som kan medføre ulykke og skade. Vi treng òg å føle oss trygge og oppleve at vi kan stole på dei menneska vi er saman med. Dersom vi opplever at vi ikkje er trygge i det miljøet vi er i, vil vi ha tankane retta mot det vi opplever som utrygt.

Dersom vi er redde for at venene våre skal le og gjere narr av oss når vi skal presentere noko i klassen, vil vi leggje strategiar for å unngå dette, og merksemda vil vere retta mot utryggja vår i staden for mot presentasjonen vi skal halde. Dersom barn til dømes ikkje kan føreseie reaksjonane frå dei vaksne på det dei gjer, vil det òg skape ei utryggje som kan dominere merksemda til barnet.

Behov for tilhøyrsel og kjærleik

Behovet for tilhøyrsel og kjærleik blir òg kalla sosiale behov. Vi har behov for å føle nærleik til andre menneske, vere integrerte og medrekna i det samfunnet eller gruppa vi høyrer til. Det handlar om å gi og få omsorg og å føle seg akseptert av miljøet. Vi har eit behov for å bli likte, respekterte og verdsette.

Barn som møte varme og omsorgsfulle vaksne, har ofte større motivasjon og engasjement til å utføre ulike aktivitetar. Viss barn opplever at vaksne viser lita interesse og engasjement, kan dei miste interessa for aktiviteten. Gode relasjonar mellom vaksne og barn bidreg positivt til motivasjonen og engasjementet til barna.

Behov for anerkjenning, positiv sjølvoppfatning og sjølvrespekt

For å tilfredsstille desse behova må vi få oppleve meistring og at det vi gjer, blir anerkjent. Vi har òg behov for å bli anerkjende som den personen vi er, uavhengig av kor godt vi presterer.

Desse behova viser oss at det er nær samanheng mellom sjølvoppfatninga og motivasjonen vår. Anerkjenning påverkar korleis du har det, oppfører deg og presterer. Det har òg betyding for korleis du ser på deg sjølv (sjølvkjensle), og det kan gi deg tru på eiga meistring (sjølvtillit).

Føler barnet seg anerkjent av vaksne, kan det bidra positivt for motivasjon og engasjement. Motsett kan barn som ikkje opplever seg anerkjende, og som møte oppgåver dei ikkje meistrar, ha mindre motivasjon.

Behov for sjølvrealisering

Når dei grunnleggjande mangelbehova er tilfredsstilte, vil nysgjerrigheita, utforskartrongen og skapargleda bli vekt. Vi får eit behov for å utvikle potensialet vårt og kunnskapane og ferdigheitene våre. Dette gir grunnlag for ny vekst og utvikling.

Hos barn og unge handlar det om at når mangelbehova er tilfredsstilte, kan dei trygt utforske verda. Dei opplever å ha energi, overskot og sjølvtillit til å utforske og gjere nye erfaringar som gir ny kunnskap og ferdigheiter.

Kritikk av Maslows teori

Mange har kritisert Maslows modell. Nokre studiar viser at sjølv om dei grunnleggjande behova våre ikkje er varetekne, vil behovet for sjølvrealisering og anerkjenning likevel vere viktig. Vi vil òg rangere behova ulikt. For nokon kan tryggleik knytt til det fysiske miljøet vere viktigast, mens for andre kan behovet for tilhøyrsel vere viktigast.

Sjølv om Maslows teori er kritisert, gir han oss viktige perspektiv på korleis ulike behov påverkar motivasjonen og åtferda vår.

Barne- og ungdomsarbeidaren

Det er viktig at vi som jobbar med barn og unge, forstår at det å tilfredsstille mangelbehova er ein viktig føresetnad for vekst og utvikling. I kvardagen har vi eit ansvar for at barn og unge får dekt behovet sitt for stabilt og riktig kosthald og sørgje for at det er balanse mellom aktivitet og kvile, og at dei opplever miljøet som trygt og sikkert. I tillegg må vi sørgje for at dei opplever god omsorg og føler seg anerkjende og respekterte.

Vi må leggje til rette for varierte utfordringar som er tilpassa føresetnadene og ressursane til barna, slik at dei opplever å lykkast med det dei gjer. Dette vil bidra til at vi skaper eit trygt og godt miljø for barn og unge, der dei får dekt mangelbehova sine og får lyst til eller er motiverte til å utforske og tilfredsstille vekstbehova sine.

Utfordringar til deg

  1. Kva har det å seie for motivasjonen din for læring på skulen at dei fysiologiske behova for mat og søvn er tilfredsstilte?
  2. Kva har det å seie for den kreative utfaldinga og læringa di at dei sosiale behova er tilfredsstilte, som til dømes at du opplever at du er akseptert slik du er?
  3. Maslow meinte at mangelbehova må vere tilfredsstilte før vi får behov for å utforske, lære og utvikle potensialet vårt. Kva meiner du?
  4. Kva behov må vere tilfredsstilte før du føler at det er heilt trygt å utforske og lære?

Relatert innhald

Fagstoff
Dei grunnleggande behova våre

I helse- og oppvekstsektoren skal du kunne hjelpe, støtte og rettleie andre menneske til å vareta dei grunnlegjande behova sine.

Oppgåver og aktivitetar
Lag bok om grunnleggande behov

Her kan du lage di eiga bok om dei grunnleggande behova. Ver kreativ! Kombiner tekst med bilete, lyd, teikningar, lenker til filer eller nettsider.

Kjelde

Skaalvik, E. M. & Skaalvik, S. (2014). Skolen som læringsarena. Selvoppfatning, motivasjon og læring (2. utg.). Universitetsforlaget.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022