Identitetsutvikling - Identitet - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Identitetsutvikling

Fagartikkel

Identitet

Identitet er korleis ein person eller ei gruppe oppfattar seg sjølve eller korleis dei blir oppfatta av andre. Identiteten vår utviklar seg heile livet.

Dei unge skal lausrive seg frå foreldra og etter kvart utvikle ein vaksen identitet. Vi fortel ganske mykje om oss sjølve gjennom dei menneska vi omgår, dei kleda vi vel å gå i, og dei aktivitetane vi bruker tida på.

Kjønnsidentitet

Kjønnsidentitet er knytt til kroppen - det biologiske, men det å kjenne seg som ein gut eller ei jente er også sosialt og kulturelt avhengig.Vi blir påverka av det miljøet vi til ei kvar tid er ein del av. Kjønnsidentiteten vår heng saman med dei forventningane som er knytte til det å vere jente eller gut, mann eller kvinne. Korleis desse forventningane kjem til uttrykk, kan nok variere frå miljø til miljø. Vi veit at det i enkelte kulturar er strenge skilje mellom, og forskjellar på kva menn og kvinner kan gjere. Her I Noreg kjenner nok gutar og jenter seg ganske frie til å gjere og vere opptatt av det dei vil, men likevel er det kanskje nokre forventningar knytte til det å vere jente/kvinne eller gut/mann.

Tilhørsel

Identitet er kva ein person kjenner tilhørsel til. Å høyre til saman med nokon i eit miljø, er viktig for personlegdomsutviklinga og sjølvbiletet vårt. Det kan vere yrket du vel, kva kultur du veks opp i, eller kva slags venner du har. Kva og kven vi identifiserar oss med endrar seg gjennom ulike periodar i livet. For eksempel når vi blir foreldre eller når vi skiftar jobb.

Yrkesidentitet

Det å tilhøre ei yrkesgruppe handlar om å identifisere seg med noko og nokon. Ein yrkesidentitet blir skapt i samspelet mellom deg sjølv som yrkesutøvar, og den jobben og dei menneska du omgår til dagleg. Identiteten blir utvikla i samhandling med andre når du får godkjenning av det arbeidet du gjer. Etter kvart utviklar det seg ei forståing for yrket og tilhørsel til den gruppa som utfører det same arbeidet som deg. Den tilbakemeldinga du får på arbeidet du utfører, og evna di til å sjå deg sjølv i forhold til denne , er med på å prege sjølvbiletet og sjølvkjensla di. Det igjen får noko å seie for korleis du identifiserer deg med yrket, og din eigen yrkesidentitet.

Personlegdom

Personlegdommen vår er ein del av identiteten vår. Personlegdom er karakteristiske eigenskapar som tankar, kjensler og åtferd. For eksempel sinne, glede, latter, tungsinn, optimisme, det å vere hissig, roleg osv. Vi reagerer forskjellig i ulike situasjonar. Der kjensleuttrykka blir negative i forhold til seg sjølv eller andre (eller begge delar), er det kanskje nødvendig å få hjelp til å jobbe med sin eigen personlegdom og utvikling.

Identitet er også knytt til personnummer for å sikre at det blir referert til rett person. Vi har også identitetspapir som pass, bankkort, førarkort osv.

Utfordringar til deg

  1. Kva er identitet?
  2. Kva gjer du om nokon ber om identitetspapir?
  3. Kva slags opplysningar inneheld identitetspapir?
  4. Kva er yrkesidentitet?
  5. Kva forventningar opplever du at det er til jenter/kvinner i samfunnet vårt?
  6. Kva forventningar opplever du at det er til gutar/menn i samfunnet vårt?
  7. Kva er personlegdom? Tenk igjennom kva eigenskapar du har som skaper din personlegdom.

Relatert innhald

Fagstoff
Roller

Ei rolle blir definert som summen av dei forventningane som blir stilte til ein person i ein viss posisjon. Roller er ein viktig del av sosialiseringa.

Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020