Dei yngste barna i barnehagen - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Dei yngste barna i barnehagen

Å etablere sensitive samspel er det viktigaste for dei små barna. Det er viktig at vaksne i barnehagen bidreg til å skape ei god tilknyting til barnet, hjelper barnet med vanskelege kjensler og støttar utforskinga til barnet.

Oppgåver

Sjå filmen De yngste i barnehagen. Arbeid deretter i grupper.

  1. Diskuter følgjande spørsmål:
    • Kvifor er sensitive samspel viktig for barn?
    • Kva må de gjere for å vere sensitive?
    • Korleis kan de møte barn som er lei seg, redde og stressa?
    • Korleis kan de som barne- og ungdomsarbeidarar skape trygg tilknyting til barna?
    • Kvifor er trygg tilknyting viktig for barn?
    • Korleis kan de samarbeide med foreldre når barnet startar i barnehagen?
  2. Ta kontakt med ulike barnehagar og finn ut kva rutinar dei har for å ta imot nye barn og foreldre i barnehagen.
  3. Lag ein presentasjon av dei funna de gjer, og vis det for klassen. Presentasjonen kan innehalde både ei kort oppsummering av diskusjonen og dei funna de gjorde i barnehagen.
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2020