Oppgave
Barn i sorg
Sorg er ein normal og naturleg reaksjon på alle slags tap. Dei følelsesmessige reaksjonane barn får, er normale og naturlege. Barn og unge har ulike føresetnader for å handtere sorg.
- Korleis bør du snakke med barn som opplever sorg?
- Kvifor er openheit bra?
- Kva er ei sorggruppe?
- Kva er fordelane med at barna får snakke med andre om det dei har opplevd?
- Ofte er det vanskeleg for oss å sjå at barn har det vanskeleg. Kvifor er det slik?
- Korleis skal ein oppføre seg mot barn i sorg?
- Diskuter kva de kan gjere for å hjelpe barn i sorgprosessen.