Roller i arbeidslivet - Yrkesfagleg fordjuping (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Roller i arbeidslivet

Det finst ei rekkje ulike aktørar innanfor arbeidsmiljø og det systematiske arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS).

Arbeidsgivar sitt ansvar

Det er arbeidsgivaren som har ansvar for at arbeidsmiljøet er forsvarleg på alle måtar og samsvarer med regelverket som er gitt i arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter.

Det at det finst andre roller med oppgåver innanfor arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) endrar ikkje dette. Ulike oppgåver tilknytte HMS-arbeidet kan delegerast til andre, men arbeidsmiljøet blir verande arbeidsgivaren sitt ansvar.

Pliktene omfattar blant anna å:

  • sørgje for at lokale og arbeidsplassar er i tråd med dei krava regelverket set
  • sørgje for jamleg kartlegging av arbeidsmiljøet i samsvar med risikoforhold, helsefare og velferd, og setje i verk naudsynte tiltak
  • sørgje for jamleg kontroll av arbeidsmiljøet og arbeidstakarane si helse, når det kan vere fare for å utvikle helseskadar på lang sikt
  • organisere og leggje til rette arbeidet ut frå dei ulike arbeidstakarane sin alder, kompetanse og arbeidsevne
  • skaffe sakkunnig bistand til å utføre kontrollar, målingar og så vidare når det er naudsynt
  • sørgje for at føresegnene i lova om verneteneste blir gjennomførte
  • sørgje for at arbeidstakarane får den opplæringa og instruksjonen som er naudsynt i arbeidet

Arbeidet med HMS skal vere systematisk og gjerast heile tida. Arbeidsgivaren er ansvarleg for å innføre og halde ved like eit system for internkontroll. Dette er fastslått i forskrifta om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder - også kalla internkontrollforskrifta.

Hugs

  • Alle skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Det er arbeidsgivar som har ansvaret for at dei ulike rollene i bedrifta er bemanna.
  • AMU = arbeidsmiljøutval
  • Det skal vere representantar både frå arbeidsgivarsida og arbeidstakar i eit AMU.
  • AMU arbeider både førebyggjande og problemløysande.
  • AMU-møte skal haldast jamleg.
  • Alle verneombod skal få HMS-opplæring.
  • Hovudverneombodet er eit verneombod og blir som regel valt av dei tilsette.
Rettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020