Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vurdering for læring

Vurdering for læring går føre seg i løpet av læringsprosessen til elevane, og det har til hensikt å samle inn informasjon som du kan bruke til å fremme læringa til elevane dine. Vi skal her sjå på eit rammeverk som du kan bruke.

Tre fasar, tre roller og fem nøkkelstrategiar

Korleis kan du jobbe etter prinsippet vurdering for læring i klasserommet? Skjemaet nedanfor gir deg eit rammeverk for formativ vurdering i klasserommet.

Rammeverket inneheld fem strategiar som hjelper deg med å vere meir klar over det du gjer, og å systematisere innsamlinga av informasjonen. Rolla di som lærar er å legge til rette for bruk av desse strategiane. Her speler mellom anna klasseromsdialogar ei sentral rolle. Det som er viktig, er at du bruker informasjonen som kjem fram om læringsprosessen til elevane til å justere kursen for læringa undervegs.

Tekstversjon av skjema

Fem strategiar er fordelte på dei tre rollene lærer, medelevar og elev. Strategiane er òg delte i tre tidsperspektiv: kvar eleven skal, kvar eleven er, og korleis hen skal komme vidare. Strategiane er:

1. Målorientert undervisning
Kvar eleven skal (måla for læringa). Læraren utarbeider tydelege læringsmål og kriterium. Medelevar forstår og deler læringsmål og kriterium (tolkingsfellesskap). Eleven må forstå læringsmål og kriterium.
2. Tilrettelegging for læring
Kvar eleven er (i læringsprosessen). Læraren legg til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane (synleggjer læringa).
3. Tilbakemelding
Korleis komme vidare (i læringsprosessen). Læraren gir tilbakemeldingar (framovermeldingar) som får elevane vidare i læringsprosessen.
4. Medelevvurdering
Kvar eleven er, og korleis hen skal komme vidare. Elevane blir aktiverte som ressursar for læringa til kvarandre.
5. Eigenvurdering
Kvar eleven er, og korleis hen skal komme vidare. Eleven blir aktivisert som "eigar" av si eiga læring (evna eleven har til å lære å lære, blir aktivisert).

Dei fem nøkkelstrategiane

1. Målorientert undervisning

Å gi elevane dine klare og eintydige læringsmål og kriterium (beskrivingar eller liste over kva som krevst av ei oppgåve eller eit arbeid) er viktig i vurdering for læring. Når elevane dine har klare læringsmål og kriterium, opnar det for at dei får ein meir nyttig og djupare kunnskap enn om dei har prestasjonsmål. Det vil òg gi elevane dine meir motivasjon.

Læringsmål og kriterium gjer det mogleg for elevane å knyte eigne prestasjonar til desse måla og kriteria. På den måten kan dei justere eigen innsats, justere strategiane sine og justere retninga på læringsprosessen.

Likevel er det ikkje nok berre å vise læringsmåla og kriteria til elevane dine. Du bør involvere dei i utviklinga av læringsmål og kriterium slik at de saman etablerer ein tolkingsfellesskap. Det vil gi elevane dine ei djupare forståing og ein større eigarskap til læringsmåla og bidra til at elevane blir viktige ressursar for læringa til kvarandre.

Ein tolkingsfellesskap gjer det enklare for deg og elevane dine å bruke læringsmåla og kriteria i tilbakemeldingane du gir til elevane, og i eigenvurderinga og medelevvurderinga til elevane.

Refleksjon

Korleis utviklar du læringsmål og kriterium for elevane dine?

2. Tilrettelegging for læring

Ein viktig strategi i vurdering for læring er å legge til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar. Dette bør vere diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane sett i samanheng med læringsmål og kriterium.

Det er fleire grep du kan gjere for å synleggjere læringa til elevane:

  • éin-til-éin-kommunikasjon med eleven

  • diskusjon i heil klasse

  • stille spørsmål som opnar for dialog

Slik kan du få fram kva strategiar elevane foreslår som løysing på dei oppgåvene du har gitt dei.

Målet er å flytte fokuset ditt mot prosessar og ferdigheiter meir enn mot innhaldet i læringa. Det er viktig at du som lærer gir tilbakemeldingar som engasjerer elevane, gir elevane tid til å forbetre arbeida sine, og at du aktiviserer elevane som ressursar for læringa til kvarandre.

Refleksjon

  • Kva legg du vekt på når du planlegg gode diskusjonar og læringsaktivitetar?

  • I kva grad gir du tilbakemeldingar til elevane dine undervegs i læringsprosessen og gir dei høve til å forbetre arbeida sine?

3. Tilbakemelding

Tilbakemelding undervegs i læringsprosessen er viktig for læringa til elevane og er eit av dei mest dokumenterte funna i den pedagogiske forskinga internasjonalt. Desse tilbakemeldingane skal redusere gapet mellom der eleven er, og der eleven skal vere.

For at ei tilbakemelding skal vere god, må ho føre til betre læring og til endring av tankeprosessen til den som får eller søker tilbakemelding. I tillegg må tilbakemeldingane svare på spørsmåla om kvar eleven skal (feed up), der eleven er i læringsprosessen (feed back) og korleis hen skal komme vidare (feed forward).

Konteksten for tilbakemelding er viktig. Tilbakemeldingar har størst effekt når dei blir formidla i klasserommet når du er saman med elevane dine, fordi dei då opnar for ein dialog. Tilbakemeldingar på sluttprodukt har ein avgrensa verdi for læringsprosessen.

Det er tre nødvendige vilkår som må vere til stades for at elevane dine skal ha nytte av tilbakemeldingane frå deg og frå medelevar:

  1. For det første må elevane ha ei klar forståing av læringsmåla og kriteria. Her ser vi kor viktig tolkingsfellesskapen er.
  2. For det andre må elevane kunne samanlikne prestasjonane her og no i forhold til læringsmåla og kriteria.

  3. Til slutt er det viktig at elevane får tilbakemeldingar på kva dei kan gjere for å komme vidare i læringsprosessen.

Her treng elevane kunnskap og ferdigheiter om å gi og ta imot tilbakemeldingar. Om dei ikkje har det, vil tilbakemeldingane vere som ein flaskepost i sjøen: Det er uvisst om bodskapen vil nå fram.

Refleksjon

  • Korleis gir du elevane dine tilbakemeldingar?

  • Kva utfordringar har du møtt når det gjeld å gi tilbakemeldingar til elevane?

4. Medelevvurdering

Ein viktig del av vurdering for læring er å la elevane få høve til å øve seg og gi tilbakemeldingar til medelevar, det vi her vil kalle for medelevvurdering.

Intensjonen med medelevvurdering er å hjelpe elevane dine til å hjelpe kvarandre. Det kan vere hjelp til å planlegge, identifisere styrkar og svakheiter, komme med tiltak til forbetringar og hjelp til å utvikle eit betre produkt eller framføring i læringsarbeidet.

Medelevvurderinga vil hjelpe elevane til å bli meir klar over kva som skjer i denne samhandlinga undervegs i læringa. Samtidig vil dei bli betre til å overvake og regulere effekten av dei læringsstrategiane dei sjølve bruker i ulike samanhengar. Elevane får òg trening i å tilpasse bodskapen til medelevar. Medelevar gir ofte rikare tilbakemelding som opnar for dialog, og i mange tilfelle er det lettare å akseptere kritikk frå medelevar enn frå deg som lærer.

Medelevvurdering fører òg til at samhaldet blant elevane blir styrkt. Medelevvurdering er med andre ord eit svært effektivt læringsfremmande verktøy. Her er det òg viktig at du etablerer ein tolkingsfellesskap når det gjeld læringsmål og kriterium.

Refleksjon

  • I kva grad har du brukt medelevvurdering?

  • Kva erfaringar har du i så fall gjort deg?

5. Eigenvurdering

Forskrifta til opplæringslova har nedfelt eigenvurdering som noko du som lærer skal legge til rette for. Forskrifta støttar opp om at eleven tek aktivt del i sin eigen læringsprosess, noko som er eit viktig prinsipp i vurdering for læring.

For å bygge opp eigenvurderinga til elevane må du skape ein klassekultur og eit klassemiljø kor konstruktiv kritikk er velkommen, og der det er rom for å feile.

Som vi tidlegare har sett, er det viktig at elevane dine er med på å setje læringsmål og forme ut kriterium, og det er viktig at desse blir brukte av elevane i eigenvurderinga av eige arbeid. Det er òg viktig at det blir sett av tid til å revidere og justere læringsaktivitetane undervegs i læringsprosessen.

Medelevvurdering og eigenvurdering heng nøye saman. Eigenvurdering er effektfullt i læringssamanheng, men det føreset at elevane dine veit kva kriterium som skal vurderast. Det er her medelevvurdering kan støtte opp om eigenvurderinga ved at ho kan hjelpe eleven med informasjon om desse kriteria. Slik blir eigenvurderinga eit viktig verktøy for elevane til å jobbe systematisk med vurderingskriterium, og elevane blir meir klar over eiga læring og eigne læringsprosessar.

Refleksjon

  • Korleis gjennomfører du eigenvurdering?

  • Kva utfordringar opplever du?

Kjelder

Andrade, H. L. (2010). Students as the Definitive Source of Formative Assessment. Academic Self-Assessment and the Self-Regulation of Learning. NERA Conference Proceedings. Paper 25. http://digitalcommons.uconn.edu/nera_2010/25

Andrade, H. L. & Cizek, G. J. (Red.). (2010). Handbook of Formative Assessment. Routledge.

Black, P. & Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box: Raising Standards Through Classroom Assessment. Phi Delta Kappan, 92(1), 8190. https://doi.org/10.1177/003172171009200119

Black, P. & Wiliam, D. (2009). Developing the theory of formative assessment. Educational Assessment, Evaluation and Accountability, 21(1), 531. https://doi.org/10.1007/s11092-008-9068-5

Broadfoot, P. (2007). An Introduction to Assessment. Continuum.

Engh, R., Dobson, S., Sandvik, L. V., Gamlem, S. M., Engvik, G., Hartberg, E. & Tellefsen, H. K. (2012). Teoretisk bakgrunnsdokument for arbeid med vurdering for læring på ungdomstrinnet. Vedlegg 4. Nasjonalt kompetansemiljø i vurdering 2012.

Dysthe, O. (2008). Klasseromsvurdering og læring. Bedre skole (4), 1623.

Gamlem, S. M. (2014). Tilbakemeldinger og underveisvurdering. Pedlex.

Gamlem, S.M. (2015). Tilbakemelding for læring og utvikling. Gyldendal Akademisk.

Hattie, J. A. & Timperley, H. (2007). The Power of Feedback. Review of Educational Research, 77(1), 81112. https://doi.org/10.3102/003465430298487

Hattie, J. (2013). Synlig læring for lærere. Cappelen Damm Akademisk.

Hopfenbeck, T. N. (2014). Strategier for læring: Om selvregulering, vurdering og god undervisning. Universitetsforlaget.

Leahy, S., Lyon, C., Thompson, M. & Wiliam, D. (2005). Classroom Assessment Minute by Minute, Day by Day. Educational Leadership, 63(3), 1824.

Sandvik, L. V. & Buland, T. (Red.). (2014). Vurdering i skolen. Utvikling av kompetanse og fellesskap: Sluttrapport fra prosjektet Forskning på individuell vurdering i skolen (FIVIS). NTNU Program for lærerutdanning & SINTEF Teknologi og samfunn. https://www.udir.no/globalassets/upload/forskning/2015/fivis-sluttrapport-desember-2014.pdf

Stobart, G. (2008). Testing Times: The uses and abuses of assessment. Routledge.

Topping, K. J. (2010). Peer Assessment: Key Characteristics and Principles for Incorporation as a Formative Assessment Technique in Classrooms. I H. L. Andrade & G. J. Cizek (Red.), Handbook of formative assessment (s. 6174). Routledge.

Relatert innhald

Frå kompetansemål til læringsmål

Kva må elevar vite og gjere for å kunne forstå? Start med å få på plass ei god formulering på eit læringsmål med utgangspunkt i eit kompetansemål.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist oppdatert 19.06.2020