Vurdering av munnleg presentasjon - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vurdering av munnleg presentasjon

Sjå først korleis lektor Inger Holtan og elevane hennar ved Hartvig Nissens skule i Oslo arbeider med vurdering av munnleg presentasjon. Utarbeid deretter eit vurderingsskjema.
Video om korleis lærarar og elevar arbeider med vurdering av munnlege presentasjonar. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Kva seier læreplanen om munnlege evner?

Læreplanen seier at "Norsk har et særleg ansvar for utviklingen av muntlige evner." (Utdanningsdirektoratet, 2019, s. 4). Du skal kunne "planlegge og framføre ulike typer muntlige presentasjoner tilpasset mottakerne." I norskfaget skal du ikkje berre delta i diskusjonar og halde foredrag, presentasjonar og talar. Du skal òg arbeide målretta for å bli stadig dyktigare i munnlege situasjonar.

Ikkje berre for fordi læreplanen seier det...

Det er heilt naturleg å grue seg til å halde framføringar. Om du held framføringa aleine, har du auga til heile klassen retta mot deg. Det einaste som hjelper mot nervøsitet, er å øve på situasjonen mange gonger. For det å bli trygg på framføringar og andre munnlege situasjonar er viktig å ta med seg til høgare utdanning. I tillegg kan det vere at både det framtidige yrket ditt og engasjement i frivillige organisasjonar, krev at du står framfor eit publikum og held innlegg.

Tilbakemelding frå medelevar

Ein god metode for å bli betre til å halde presentasjonar er å få tilbakemelding. Ikkje berre av læraren din, men også dei andre elevane. For at tilbakemeldingane ikkje berre skal vere av typen "bra" eller "kunne kanskje laga litt finare Powerpoint", er det viktig å ha vurderingskriterium.

Å ta imot kritikk er det veldig få som er gode til. Dermed er det viktig at du førebur deg før du les tilbakemeldingane frå medelevane dine: Dei skriv ikkje dette fordi dei vil vere slemme, men for å hjelpe deg til å bli endå betre.

Korleis gi tilbakemelding?

Vi kan gi tilbakemeldingar på ulike måtar. Videoen ovanfor viser deg éin mogleg framgangsmåte: Eleven som held foredrag, får tilbakemeldinga umiddelbart av resten av klassen.

Ein annan metode kan vere å få korte, skriftlege tilbakemeldingar som du kan ta med deg heim og lese i ro og fred. Då kan det vere lettare å ta til seg det som står i kommentarane.

Ver venleg

Når de gir tilbakemeldingar til kvarandre, er det spesielt viktig å tenkje på at desse må vere venlege og konstruktive. Hugs at mange gruar seg til framføringa og synest det er ein vanskeleg situasjon. Før du gir tilbakemeldinga, skal du tenkje: Korleis hadde eg reagert om eg hadde fått denne sjølv?

Om de skriv tilbakemeldinga, er ein tommelfingerregel at de aldri skal skrive fleire negative kommentarar enn positive.

Oppgåve 1

Sjå videoen og jobb deretter med spørsmåla.

  1. Kva vil det seie å jobbe i prosess med munnleg presentasjon?
  2. Kva er fordelen med denne framgangsmåten, ifølgje lærar Inger Holtan?
  3. Kva er ei framovermelding?
  4. Inger Holtan bruker omgrepet vekstpunkt. Forklar kva eit vekstpunkt er for noko.
  5. Etter foredraget til Andrea blir det opna for respons i klassen. Kva skal medelevane gi respons på?
  6. Kvifor set Andrea pris på denne måten å bli vurdert på?
  7. Kva er kvarandre-vurdering?
  8. Kvifor liker elevane i klassen å bruke responsskjema?
  9. Kva fordelar gir vurderingsarbeid i responsgrupper, ifølgje læraren?
  10. Kva synest du om arbeidsmåtane som blir presenterte i filmen? Har du brukt nokon av dei før?

Oppgåve 2

Vurderingsskjema

Lag eit forslag til eit vurderingsskjema for munnleg presentasjon. Jobb først i grupper og bli deretter einige om eit felles skjema, saman med dei andre i klassen og med læraren.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2019). Læreplan i norsk (NOR01-06). Henta frå https://data.udir.no/kl06/v201906/laereplaner-lk20/nor01-06.PDF

Skrive av Cecilie Isaksen Eftedal, Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020