Tankar og kjensler - Introduksjon - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Tankar og kjensler

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Ungdomstida er full av tanker og kjensler. Ved å få kunnskap og reflektere over dine eigne og andre sine tankar og kjensler vil du bli betre i stand til å ta vare på di eiga og andre si psykiske helse.

I denne læringsstien vil du

  • få kunnskap om kva kjensler og tankar er
  • reflektere over samanhengen mellom tankar og kjensler og den psykiske helsa vår
  • utforske korleis tankar og kjensler kan påverke den psykiske helsa vår på forskjellige måtar
  • diskutere korleis du kan regulere kjensler og unngå uheldige tankemønster og tankefeller

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet psykisk helse.

Læringsstien er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen, som arbeider med å spreie informasjon om psykisk helse til skular i Noreg.