Strategiar for vurdering FOR læring - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Strategiar for vurdering FOR læring

Vurdering FOR læring går føre seg i løpet av læringsprosessen til elevane, og ho har til hensikt å samle inn informasjon som du kan bruke til å fremje læringa til elevane dine. Vi skal her sjå på eit rammeverk som du kan bruke til det.

Tre fasar, tre roller og fem nøkkelstrategiar

Forsking på vurdering FOR Læring (vFL) trekker fram tre fasar i læring og undervisning. Dei tre fasane er: kvar eleven skal i læringa (feed up), kvar eleven er i læringsprosessen (feed back) og korleis komme vidare i læringsprosessen (feed forward).

Black og Wiliam (2009) har kopla dei tre fasane saman med dei ulike rollene i klasserommet (lærar, elev og medelev) og komme fram til eit rammeverk med fem nøkkelstrategiar for bruk av vurdering FOR læring i klasserommet.

Figur 1: Rammeverk for bruk av fem strategiar i vurdering for læring

Kvar eleven skal
(måla for læringa)

Kvar eleven er
(i læringsprosessen)

Korleis komme vidare
(i læringsprosessen)

Lærer

1. Målorientert undervisning

Utarbeide tydelege læringsmål og kriterium.
Forstå og dele læringsmål og kriterium (tolkingsfellesskap).

Forstå læringsmål og kriterium.

2. Tilrettelegging for læring

Leggje til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane (synleggjere læringa).

3. Tilbakemelding

Gi tilbakemeldingar (framovermeldingar) som rører elevane vidare i læringsprosessen.

Medelevar

4. Medelevvurdering

Aktivisere elevane som ressursar for læringa til kvarandre.

Elev

5. Eigenvurdering

Aktivisere eleven som "eigar" av si eiga læring (aktivisere evna eleven har til å lære å lære).

Desse fem strategiane hjelper deg å vere meir klar over det du gjer og å systematisere innsamlinga av informasjonen. Rolla di som lærar er å leggje til rette for bruk av desse fem strategiane. Her speler mellom anna klasseromsdialogar ei sentral rolle. Det som er viktig, er at du bruker informasjonen som kjem fram om læringsprosessen til elevane til å justere kursen for læringa undervegs.

Målorientert undervisning

Å gi elevane dine klare og eintydige læringsmål og kriterium (skildringar eller liste over kva som blir kravde av ei oppgåve eller eit arbeid) er viktig i vurdering FOR læring. Når elevane dine har klare læringsmål og kriterium, opnar det for at dei får ein meir nyttig og djupare kunnskap enn om dei har prestasjonsmål. Det vil òg gi elevane dine auka motivasjon.

Læringsmål og kriterium gjer det mogleg for elevane å knyte eigne prestasjonar til desse måla og kriteria. På den måten kan dei justere eigen innsats, justere strategiane sine og justere retninga på læringsprosessen.

Likevel er det ikkje nok berre å vise læringsmåla og kriteria til elevane dine. Du bør involvere dei i utviklinga av læringsmål og kriterium slik at de saman etablerer eit tolkingsfellesskap. Det vil gi elevane dine ei djupare forståing og eit større eigarskap til læringsmåla og bidra til at elevane blir viktige ressursar for læringa til kvarandre.

Eit tolkingsfellesskap gjer det enklare for deg og elevane dine å bruke læringsmåla og kriteria i tilbakemeldingane du gir til elevane og i elevane si eigenvurdering og medelevvurdering.

Refleksjon

Korleis utviklar du læringsmål og kriterium for elevane dine?

Relatert innhald

Fagstoff
Frå kompetansemål til læringsmål

Kva må elevar vite og gjere for å kunne forstå? Start med å få på plass ei god formulering på eit læringsmål med utgangspunkt i eit kompetansemål.

Tilrettelegging for læring

Ein viktig strategi i vurdering FOR læring er å leggje til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar. Dette bør vere diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane sett i samanheng med læringsmål og kriterium.

Det er fleire grep du kan gjere for å synleggjere læringa til elevane.

  • Éin til éin-kommunikasjon med eleven
  • Diskusjon i heil klasse
  • Stille spørsmål som opnar for dialog

Slik kan du få fram kva strategiar elevane foreslår som løysing på dei oppgåvene du har gitt dei.

Målet er å flytte fokuset ditt mot prosessar og evner meir enn mot innhaldet i læringa. Det er viktig at du som lærar gir tilbakemeldingar som engasjerer elevane, gir elevane tid til å forbetre arbeida sine, og at du aktiviserer elevane som ressursar for læringa til kvarandre.

Refleksjon

Kva legg du vekt på når du planlegg gode diskusjonar og læringsaktivitetar?
I kva grad gir du tilbakemeldingar til elevane dine undervegs i læringsprosessen og gir dei moglegheit til å forbetre arbeida sine?

Relatert innhald

Tilbakemelding

Tilbakemelding undervegs i læringsprosessen er viktig for læringa til elevane og er eit av dei mest dokumenterte funna i den pedagogiske forskinga internasjonalt. Desse tilbakemeldingane er meinte å redusere gapet mellom der eleven er og der det er meint at eleven skal vere.

For at ei tilbakemelding skal vere god, må ho føre til betre læring og til endring av tankeprosessen til den som får eller søkjer tilbakemelding. I tillegg må tilbakemeldingane svare på spørsmåla om kvar eleven skal (feed up), kvar eleven er i læringsprosessen (feed back) og korleis komme vidare (feed forward).

Konteksten for tilbakemelding er viktig. Tilbakemeldingar har størst effekt når dei blir formidla i klasserommet når du er saman med elevane dine, fordi dei då opnar for ein dialog. Tilbakemeldingar på sluttprodukt har ein avgrensa verdi for læringsprosessen.

Det er tre nødvendige vilkår som må vere til stades for at elevane dine skal ha nytte av tilbakemeldingane frå deg og frå medelevar.

  1. For det første må elevane ha ei klar forståing av læringsmåla og kriteria. Her ser vi kor viktig tolkingsfellesskapet er.
  2. For det andre må elevane kunne samanlikne prestasjonane her og no i forhold til læringsmåla og kriteria.
  3. Og til slutt er det viktig at elevane får tilbakemeldingar på kva dei kan gjere for å komme vidare i læringsprosessen.

Her treng elevane kunnskap og evner både om og i å ta i mot tilbakemeldingar og om og i det å gi. Elles kan ein hamne i ein situasjon der det å gi tilbakemeldingar er som å kaste ein flaskepost i sjøen, der ingen kan vere sikker på om bodskapen ein dag vil nå ein mottakar.

Refleksjon

Korleis gir du elevane dine tilbakemeldingar?

Kva utfordringar har du møtt når det gjeld å gi tilbakemeldingar til elevane?

Medelevvurdering

Ein viktig del av vurdering FOR læring er å la elevane få moglegheit til å øve seg og gi tilbakemeldingar til medelevar, det vi her vil kalle for medelevvurdering.

Intensjonen med medelevvurdering er å hjelpe elevane dine til å hjelpe kvarandre. Det kan vere hjelp til å planleggje, identifisere styrkar og svakheiter, komme med tiltak til forbetringar og hjelp til å utvikle eit betre produkt eller framføring i læringsarbeidet.

Medelevvurderinga vil hjelpe elevane til å bli meir klar over kva som skjer i denne samhandlinga undervegs i læringa. Samtidig vil dei bli betre til å overvake og regulere effekten av dei læringsstrategiane dei sjølv bruker i ulike samanhengar. Elevane får òg trening i å tilpasse bodskapen til medelevar. Medelevar gir ofte rikare tilbakemelding som opnar for dialog, og i mange tilfelle er det lettare å akseptere kritikk frå medelevar enn frå deg som lærar.

Medelevvurdering fører òg til at samhaldet blant elevane blir styrkt. Medelevvurdering er med andre ord eit særs effektivt læringsfremjande verktøy. Også her er det viktig at du etablerer eit tolkingsfellesskap når det gjeld læringsmål og kriterium.

Refleksjon

I kva grad har du brukt medelevvurdering?
I så fall – kva erfaringar har du gjort deg?

Eigenvurdering

Forskrifta til opplæringslova har nedfelt eigenvurdering som noko du som lærar skal leggje til rette for. Forskrifta støttar opp om at eleven tek aktivt del i sin eigen læringsprosess, noko som er eit viktig prinsipp i vurdering FOR læring. “Klarer vi å gjøre dette, er det store sjanser for at det generelle læringsnivået hos elevene vil heves” (Smith, 2009, s.38).

For å byggje opp elevane si eigenvurdering må du skape ein klassekultur og eit klassemiljø kor konstruktiv kritikk er velkommen og der det er rom for å feile.

Som vi tidlegare har sett, er det viktig at elevane dine er med på å setje læringsmål og utforme kriterium, og det er viktig at desse blir brukte av elevane i eigenvurderinga av eige arbeid. Det er òg viktig at det blir sett av tid til å revidere og justere læringsaktivitetane undervegs i læringsprosessen.

Medelevvurdering og eigenvurdering hengjer nøye saman. Eigenvurdering er effektfullt i læringssamanheng, men det føreset at elevane dine veit kva kriterium som skal vurderast. Det er her medelevvurdering kan støtte opp om eigenvurderinga ved at ho kan hjelpe eleven med informasjon om desse kriteria. Slik blir eigenvurderinga eit viktig verktøy for elevane til å jobbe systematisk med vurderingskriterium, og elevane blir meir klar over eiga læring og eigne læringsprosessar.

Refleksjon

Korleis gjennomfører du eigenvurdering?

Kva utfordringar opplever du?

Relatert innhald

Kjelder

Andrade, H. L. (2010): Aset til student the definitive source of formative assessment. Academic Self-Assessment and the Self-Regulation of Learning. I Andrade og Cizek (red): Handbook of Formative Assessment, Routledge.

Black,P. og Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box: Raising Standards Through Classroom Assessment. Phi Delta Kappan, 80 (2), 139-44.

Black, P. og Wiliam, D. (2009): Developing the theory of formative assessment. Educational Assessment, Evaluation and Accountability, 1(21), 5-31.

Broadfoot, P. (2007). An Introduction to Assessment. New York: Continuum.

Dobson, S., Engh, R. og Engvik, G. (2012). Teoretisk bakgrunnsdokument for arbeid med vurdering for læring på ungdomstrinnet. Vedlegg 4. Nasjonalt kompetansemiljø i vurdering 2012.

Dysthe, O. (2008). Klasseromsvurdering og læring. Bedre skole nr. 4 s. 16 - 23.

Gamlem, S. M. (2014). Tilbakemeldinger og underveisvurdering. Oslo: Pedlex.

Gamlem, S.M. (2015). Tilbakemelding for læring og utvikling. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Hattie, J.A. og Timperley, H. (2007). The power of feedback. Review of Educational Research. 77(1), 81-112.

Hattie, J. (2013). Synlig læring - for lærere. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Hopfenbeck, T.N. (2014). Strategier for læring. Om selvregulering, vurdering og god undervisning. Oslo: Universitetsforlaget

Leahy, S., Lyon, C., Thompson, M., og Wiliam, D. (2005). Classroom Assessment Minute by Minute, Day by Day. Educational Leadership, 63(3), 18-24.

Sandvik og Buland (red.) (2014). Vurdering i skolen. Utvikling av kompetanse og fellesskap. Sluttrapport frå prosjektet Forskning på individuell vurdering i skulen (FIVIS)

Smith, K. (2009). Vurdering – en kompleks aktivitet, i Bedre skole nr 3 2009, s 83-87.

Stobart, G. (2008). Testing timest: The uses and abuses of assessment. London: Routledge.

Topping, K.J. (2010). Peers as a source of formative assessment. I Handbook of formative assessment. eid. / Heidi L. Andrade; Gregory J. Cizek. Abingdon : Routledge, 2010. p. 61-74.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020