Nettsøk og tekstgenerering

Forskjellen på nettsøk og KI-generert tekst
I nettsøk hentar du fram informasjon som allereie finst på nettet. Jo klarare du har for deg kva du leiter etter, jo betre treff får du.
Når du bruker ein søkemotor i ein nettlesar, får du både ei KI-generert oppsummering og ei utlisting av kjelder. I den mest brukte søkemotoren, Google, ligg den KI-genererte teksten øvst og så ligg lenkene til ulike søketreff under det.
KI-generert tekst
Når du skriv eit ord eller eit spørsmål inn i eit nettsøk, genererer språkmodellen i søkemotoren ein tekst til svar. Ein generert tekst har ingen forfattar eller ansvarleg redaktør. Det vil seie at han set saman eit heilt nytt innhald.
Ein språkmodell er mata med heile internett og har lært seg grammatikk og andre samanhengar i språk. Vi seier at han har maskinlært samanhengar i språk. Når du stiller eit spørsmål til ein søkemotor eller ein praterobot, genererer språkmodellen ein tekst med språkleg flyt og den mest sannsynlege teksten som svar til ditt spørsmål.
Teksten er datagenerert: Ingen menneske har vurdert kvaliteten på teksten, og han kan innehalde faktafeil. Ein praterobot kan ikkje vere ansvarleg for ei kjelde, og derfor blir ikkje ein KI-generert tekst rekna for å vere ei kjelde.
Tenk over
Er du klar over at samandraget øvst i Google er KI-generert?
Stoler du på informasjonen som ligg der?
Utlisting av kjelder etter nettsøk
Utlisting av kjeldene under det tekstgenererte svaret skjer som følger:
Søkemotoren søker gjennom nettet og finn nye nettstader.
Kvaliteten og relevansen på informasjonen blir analysert av algoritmar og systematisert i ein database.
Du søker mot databasen og får lista opp dei mest relevante treffa for søket ditt. Andre brukardata enn søkeorda dine kan òg spele inn: Kvar du er, tidspunkt på døgnet, kva språk du bruker, og tidlegare søk kan òg ha noko å seie for kva treff du får lista opp.
Ver kritisk: Google er kommersiell
Den vanlegaste søkemotoren er Google. Hugs at Google er eit kommersielt selskap. Mange av søketreffa som kjem opp, er sponsa for å komme opp.
Ha alltid i bakhovudet at kommersielle interesser kan verke inn på søketreffa dine og på den KI-genererte oppsummeringa på toppen av utlistinga.
Bruk strategiar for nettsøk
Planlegg søket ditt
Skriv ei setning om kva informasjon du treng. Skriv ned relevante søkeord, synonym og engelske omgrep som kan vere nyttige for søket ditt.
Søketips
Set opp fleire søkeord samtidig for å snevre inn søket. Søk fleire gonger med ulike kombinasjonar av søkeord. Prøv ulike spørsmålsstillingar.
Dokumenter søket ditt
Finn fram til relevant informasjon, klipp ut og lim inn sitat, lenker og informasjon om kjelda i eit dokument.
Prøv òg å notere ned kva du skal bruke informasjonen til. Slik kan du jobbe systematisk med å samle kunnskapar og fakta du kan bruke, referere og finne tilbake til seinare.
Ver kjeldekritisk
Skaff deg overblikk, vel ut og gå systematisk gjennom kjeldene. Vel nokre kjelder, samanlikn og sil bort kjeldene du ikkje treng. Gjer nye søk. Gå meir grundig gjennom kjelder du har valt.
Film: Er dette god fisk?
I filmen under (lengde 1:34) får du tips om kva du bør tenke på når du leiter etter kjelder på nettet.
Er avsendaren til å stole på?
Finn du avsendaren av kjelda? Kan du stole på avsendaren? Kva hensikter har avsendaren av kjelda? Kven er forfattaren? Kven har publisert kjelda? Finst det ein ansvarleg redaktør? Bruk tid til å undersøke avsendaren av informasjon, gjerne saman med andre.
Treng du informasjonen?
Er informasjonen i kjelda interessant og relevant for deg akkurat no? Var det dette du var ute etter?
Dobbeltsjekk faktaopplysningar
Bruk fleire kjelder.
Hugs at genererte tekstar ikkje blir rekna for å vere kjelder. Bruk faktiske kjelder som stadfestar informasjon du ønsker å bruke frå genererte tekstar.
Kan du det no?
Sentrale fagomgrep
- nettsøk
- leite etter informasjon på nettet ved hjelp av søkeord i ein søkemotor
- søkemotor
- digitalt verktøy som finn og prioriterer nettsider med utgangspunkt i søkeorda dine
- KI-generert tekst
- tekst laga av ein praterobot/chatbot
- språkmodell
- kunstig intelligens som reknar seg fram til kva ord som sannsynlegvis følger kvarandre som svar på ein instruks/prompt du har skrive; ein språkmodell har lært seg mønster frå store mengder tekst
- kjeldekritikk
- det å vurdere kvaliteten på informasjonen i ei kjelde og om han er sann, sjekke om kjelda er relevant for det du skal bruke ho til, og om ho er til å stole på
Relatert innhald
Ei innføring i korleis du kan bruke TONE-strategien til å vurdere kjelder.