Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Digital dømmekraft og praterobotar

Har du god digital dømmekraft når du bruker praterobotar?

Digital dømmekraft

Praterobotar er nye og sterke digitale verktøy, og vi må kunne vurdere når og korleis det er rett å bruke dei. Digital dømmekraft handlar om å reflektere over problemstillingar og ta gode val. Berekraft, personvern, digitale skilje, opphavsrett og kjeldekritikk er viktige stikkord når du skal utøve digital dømmekraft ved bruk av KI.

Straumforbruk og berekraft

Å få eit svar frå ein praterobot krev 10–25 gonger meir straum enn eit søk i Google. Det internasjonale energibyrået reknar med det blir ei dobling av straumforbruk til KI i verda innan 2026.

Diskuter

Korleis skal vi ta omsyn til berekraft når vi veit kor mykje straum som krevst for kvar instruks vi gir ein praterobot?

Digitale spor og personvern

Mange praterobotar lagrar innloggingsdataa og instruksane vi legg inn. Informasjonen blir brukt til å trene språkmodellane vidare. Ver klar over kva informasjon du tek med i instruksar; ikkje del konfidensiell eller sensitiv informasjon.

Diskuter

Korleis skal vi passe på personopplysningane våre på best mogleg måte?

Digitale skilje

Alle har ikkje lik tilgang og kunnskap til å bruke praterobotar. Vi ønsker eit rettferdig samfunn der alle, uavhengig av økonomiske og sosiale forskjellar, får dra nytte av ein så kraftig teknologi som praterobotar.

Diskuter

Korleis skal vi sørge for at alle lærer å bruke praterobotar, ikkje minst i skulen?

Opphavsrett

Alle dialogar, tekstar og bilete som er brukte som treningsdata for språk- og biletmodellar, har eit opphav. Opphavsretten skal verne åndsarbeidet til forfattarar, forskarar, kunstnarar og andre kreative utøvarar. IT-utviklarar har fått kritikk for å ha brukt opphavsrettsleg beskytta innhald som datamateriale.

Diskuter

Korleis blir opphavarane varetekne når teknologiselskap forsyner seg av tekst og bilete i konkurransen om å lage dei beste språk- og biletmodellane?

Kritisk tenking

Praterobotar hallusinerer og skil ikkje mellom feil og faktum. Svar frå praterobotar er ofte kulturelt vinkla, noko som kan vere vanskeleg å oppdage.

Diskuter

Kor gode må vi vere på kjeldekritikk og kritisk tenking for å bruke praterobotar på ein god måte?

Omgrepsliste

Fordom
Ein fordom er ei førestilling om noko som er basert på manglande kunnskap. Ofte blir omgrepet brukt om negative haldningar vi har til andre personar eller grupper. Praterobotar speglar fordommar menneske har om kvarandre.
Hallusinering
Når prateroboten "lyg" og generer noko som ikkje stemmer, seier vi at han hallusinerer.
Instruks
Ein kommando du bruker for å genere KI-innhald (tekst, bilete, video eller lyd).
Kjeldekritikk
Kjeldekritikk er å vurdere kor sann og kor god informasjonen om ei sak er. Det er spesielt viktig å sjekke truverdet, i kva grad kjelda er objektiv eller personleg, kor nøyaktig informasjonen er, og om han er eigna til den aktuelle saka.
Digital dømmekraft
Digital dømmekraft handlar om å behandle andre med respekt på nett, på same måte som i det fysiske livet, og om å kunne skilje sanning frå løgn. Det handlar òg om å kunne ta omsyn til personvern, opphavsrett og berekraft når du bruker digitale medium.
Praterobot/chatbot
Ein praterobot genererer tekst basert på instruksane vi gir han.

Kjelde

Tzur, A. (2024, 11. oktober). Hvor mye strøm bruker ChatGPT? AIavisen. /https://aiavisen.no/hvor-mye-strom-bruker-chatgpt/

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 03.04.2025