Øvelse
Kommunikasjon mellom lærar og elevar
God kommunikasjon mellom lærar og elevar er det beste grunnlaget for læring. Korleis skaper ein god kommunikasjon i klasserommet?
Kva seier forskaren og læraren?
Mykje har endra seg i skulen sidan denne videoen blei laga, men god kommunikasjon mellom elev og lærar er framleis nøkkelen til god læring.
Sjå videoklippet og svar på spørsmåla.
- Korleis beskriv Hilde Larsen Damsgaard lærarrolla? Kva må læraren ta ansvar for i møte med elevar, og kva bør han eller ho ikkje gjere?
- Elevar i vidaregåande skule har mange års erfaring med elevrolla. Ein kan derfor knapt kalle dei amatørar, men ordet "profesjonell" høver heller ikkje heilt. Kvifor ikkje?
- Hilde Larsen Damsgaard nemner at kommunikasjon er meir enn det vi seier. Kva anna er det vi kommuniserer med?
- Er du samd i metodane og tiltaka lærar Cecilie Eftedal bruker for å skape god kommunikasjon og eit godt (sam)arbeidsmiljø i klassen?
- Kva for andre metodar og tiltak kan skape god kommunikasjon og godt miljø i klassen?
Reflekter, gjerne saman med ein kollega
- Vi snakkar gjerne om overordna, underordna eller likeverdige roller i ein kommunikasjonssituasjon. Til overordna roller er det knytt makt til å bestemme korleis samtalen skal gå føre seg, og ofte òg makt til å ta avgjerder. Korleis vil du karakterisere rollefordelinga mellom lærar og elev? Kven har kva slags rolle, og kvifor?
- Skal lærarar og elevar gjere kvarandre gode, er det viktig å vere tydeleg på kva ein forventar av kvarandre.
- Nemn tre viktige ting som ein lærar bør forvente av elevane sine.
- Nemn tre viktige ting som du forventar av ein lærar.
- Bør alle lærarane vere like?
- Hilde L. Damsgaard og Cecilie Eftedal nemner at det er viktig at læraren er både fagformidlar og ein vaksenperson som bryr seg om eleven.
- Gi døme på kva du synest det er hyggjeleg at læraren veit om ein elev.
- Kva slags informasjon om eleven er det nødvendig at læraren får?
- Gi døme på spørsmål og tema som det passar best å ta opp med helsesøster, miljøarbeidar, rådgivar, gode venner eller familie.
- Kva lærer eleven av å lage vurderingskriterium saman med læraren?