Frå kompetansemål til læringsmål
Det er viktig med tydelige læringsmål. Forsking viser at elevar som har klare læringsmål:
- utviklar ein meir anvend og djupare kunnskap enn elevar som har prestasjonsmål
- får auka motivasjon
- føler kontroll over eiga læring
- blir gitt grunnlag for medelevvurdering og eigenvurdering
Refleksjon
Korleis utviklar du læringsmål for elevane dine?
Det nye kompetanseomgrepet kan hjelpe oss eit stykke på veg.
Kompetanse er å kunne tileigne seg og nytte kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende samanhengar og situasjonar. Kompetanse inneber forståing og evne til refleksjon og kritisk tenking.
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 11).
Kompetanseomgrepet består av 3 viktige nøkkelord:
kunnskap (å vite), evner (å gjere) og forståing (å forstå).
Følgjande spørsmål hjelper oss i planlegginga:
Kunnskap: Kva skal elevane vite?
Evner: Kva skal elevane kunne gjere?
Forståing: Kva skal elevane forstå?
La oss tenke oss at de jobbar med første verdskrigen i historie og dette kompetansemålet:
- drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval andre sentrale krigar eller konfliktar, og reflektere over om fredsslutningar har bidrege til å skape fred og forsoning
Du har i første omgang følgande forslag til kva du ønsker at elevane skal forstå: "Eg ønsker at elevane verkeleg skal forstå den første verdskrigen."
Fråsegn av denne typen seier lite om kva elevane dine skal få av forståing når det gjeld første verdskrigen.
Å analysere læreplanmåla er krevjande når det gjeld forståing. Det er ikkje slik at kunnskap og evner automatisk leiar til forståing.
La oss gå tilbake til dømet vi byrja med. Neste skritt kan vere at du formulerer det slik:
"Eg ønsker at elevane skal forstå årsakene til den første verdskrigen."
Det same er problemet her. Her får du fram målet meir detaljert, men ikkje kva elevane skal ha med seg vidare med tanke på desse årsakene.
Kva ønsker du at elevane skal ha med seg av forståing om desse årsakene, og kvifor er det viktig? Som svar på dette spørsmålet endar du opp med denne formuleringa: “Eg/Vi ønsker at elevane skal forstå at det er fleire årsaker til utbrotet av den første verdskrigen – mellom anna …"
Det vart betre.
Det er viktig at læringsmåla er forstått, klart synlege 24/7, at elevane veit kvar dei kan finne dei og at dei veit kva kriterium som gjeld for suksess.
Refleksjon
I kva grad kan tilnærminga som vi her presenterer, vere til nytte for deg vidare?
Vel eit kompetansemål frå den nye læreplanen.
Diskuter kva som kan sjåast på som viktige kunnskapar (kva elevane skal vite) innanfor dette kompetansemålet og kva evner (kva elevane skal kunne gjere) elevane må meistre for å lykkast.
Drøft deretter kva som kan reknast som bevis for forståing innanfor dette kompetansemålet, og kva som berre vil vere ein indikasjon på at elevane berre har overflatiske eller ustrukturerte kunnskapar.
(Fjørtoft, 2015, s. 76)