Oppgåve
Yrkesprofilen
Etter vg2 sal, service og reiseliv kan du velje å gå ut i lære i salsfaget, reiselivsfaget, sikkerheitsfaget eller service- og administrasjonsfaget. I denne oppgåva skal du fordjupe deg i ei av yrkesretningane.
Jakta på yrkesprofilen
Ta utgangspunkt i den yrkesretninga du har valt / blitt tildelt. Vel deg eit yrke innanfor retninga og gjer deg betre kjend med yrket gjennom å undersøke punkta under. Presenter funna dine som ei veggavis.
Undersøk:
Kva går jobben ut på? Beskriv typiske arbeidsoppgåver.
Kvar kan du jobbe?
Kva for nokon personlege eigenskapar kan komme godt med i yrket?
Kva for kvalifikasjonar blir etterspurde?
Kva tener du som lærling?
Kva er medianlønna for yrket?
Bruk gjerne stillingsannonsar og ressursane nedanfor for å finne svar.



