Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Podkast
Film

Yrke innan sikkerheitsfaget

Har du lyst til å jobbe innan sikkerheitsfaget? Her kan du sjå filmar, lytte til podkastar og lese portrettintervju frå ulike yrke innan sikkerheitsfaget.

Vektar

Som vektar vil du oppleve varierte arbeidsdagar og lære å kommunisere med mange ulike typar menneske. Vektartenesta er eit utprega serviceyrke, og du skal alltid prioritere tryggleik og sikkerheit.

Vektarar må ha tilfredsstillande vandel og vere fylt 18 år. Vaktselskapa legg dessutan vekt på personlege eigenskapar. Med andre ord krev vektaryrket at du har god etisk sans, og at du verkar trygg.

Lytt til podkasten under om det å vere lærling i Securitas.

Serviceyrkene

Podkast: Lærling i Securitas

Korleis er det eigentleg å vere sikkerheitslærling i Securitas? I denne podkasten (lengde 13:09) søkjer Programleiar Andreas Veie-Rosvoll svar på dette i samtale med fagopplæringsleiar i Securitas, T...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Film: Yrkesintervju – kva gjer ein vektar?

I filmen nedanfor (lengde 1:33) kan du bli med vektaren Stine på jobb og få eit innblikk i noko av det ho gjer i jobben sin i sikkerheitskontrollen på ein flyplass. Du får òg vite kva for nokre personlege eigenskapar som kan vere gode å ha i arbeidskvardagen som vektar.

Les meir på utdanning.no om å jobbe som vektar.

Yrkesportrett: Jane – områdeleiar for Securitas på Bergen havn

Jane Yndestad var 23 år då ho blei intervjua til dette yrkesprotrettet. Ho har fagbrev i sikkerheitsfaget og jobba den gongen som områdeleiar for Securitas på Bergen havn.

Film: Jobbintervju

Sjå filmen nedanfor (lengde 7:44) som viser eit fiktivt jobbintervju. Securitas søker ein vektar som skal arbeide på eit kjøpesenter. Siri har vore sikkerheitslærling og har nettopp teke fagbrev. No søker ho på Securitas-jobben. Har ho dei rette kvalifikasjonane? Filmen viser rekrutteringsprosessen, sett frå synsvinkelen til både arbeidsgivaren og arbeidssøkaren.

Film: Cylinder Production AS / CC BY-SA 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Ulike typar vektartenester

Her er nokre døme på tenester du kan bli sett til som vektar.

Sentervektar

Sentervektaren kan òg vere ei form for stasjonær vektar. På eit senter har vektaren gjerne ansvar for å handtere butikktjuveri, overvaking, rapportering og vedlikehald. Ein sentervektar bør vere synleg og vennleg.

Stasjonær vektar

Som stasjonær vektar jobbar du fast på eitt objekt (stad). Vanlegvis har ein stasjonær vektar ansvar for inngangskontroll, vaktrundar og andre oppgåver knytte til staden. Når du jobbar i resepsjon, på bomstasjon eller med vakthald for ei bedrift, er du stasjonær vektar.

Mobil vektar

Mobilt vakthald blir òg kalla alarm- og utrykkingsteneste, og arbeidet blir gjerne utført med uniformert bil. Ein mobil vektar svarer på alarmar, tek vaktrundar og rapporterer inn uønskte hendingar.

Sikkerheitsmedarbeidar

Du kan òg jobbe som sikkerheitsmedarbeidar i andre verksemder enn vaktselskap. Forsvaret er eit døme på ein etat som tek inn sikkerheitslærlingar, og der du etterpå kan få jobb innan sikkerheit.

Lytt til podkasten under om det å vere sikkerheitslærling i Forsvaret.

Serviceyrkene

Podkast: Sikkerheitslærling i Forsvaret

I denne podkasten (lengde 14:38) får du høyre meir om korleis det er å vere sikkerheitslærling i Forsvaret. Henning Aasen, som er lærlingkoordinator i Forsvaret, tek ein prat med programleiar Andreas ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Framferd som vektar

Som sikkerheitsmedarbeidar blir det stilt strenge krav til åtferda di og framferda di. Lær meir om korleis du skal opptre her.

Skrive av Frøydis Lindtner.
Sist oppdatert 13.05.2026