Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Yrke innan reiselivsfaget

Har du lyst til å jobbe innan reiselivsfaget? Her kan du sjå filmar frå ulike yrke innan reiselivsfaget.

Guide

Som guide leier du omvisingar for besøkande.

Film: Yrkesintervju – kva gjer ein guide?

I filmen nedanfor (lengde 1:56) kan du bli med guiden Jann-Erik på jobb på Borgarsyssel museum. Han fortel om kva han synest er givande og utfordrande med jobben, og vi får innblikk i korleis han kommuniserer med grupper på omvising.

Les meir på utdanning.no om jobben som guide.

Film: Eline, guide på Eidsvollbygningen

I filmen nedanfor (lengde 5:53) fortel Eline om jobben sin som formidlar på Eidsvollsbygningen. Ho beskriv mellom anna korleis dei lagar formidlingsopplegg tilpassa ulike grupper, og så gir ho oss tre tips til korleis vi kan lykkast som guide.

Film: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Reiselivsmedarbeidar

Som reiselivsmedarbeidar jobbar du med sal, koordinering og gjennomføring av reiser og opplevingar til kundane.

Film: Yrkesintervju – kva gjer ein reiselivsmedarbeidar?

Sjå filmen nedanfor (lengde 02:01) og bli med reiselivsmedarbeidaren Helen på jobb. Ho har arbeidsoppgåver både på kontoret og som reiseleiar ute med kundar. I tillegg deler ho tankar om kva ho trivst med i jobben, og kva for eigenskapar som kjem godt med for å takle vanlege utfordringar.

Les meir på utdanning.no om jobben som reiselivsmedarbeidar.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 28.04.2026