Treskjerar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Treskjerar

Ein treskjerar formar og dekorerer gjenstandar i tre ved hjelp av ulike treskjerarjern. Treskjerarar lagar og restaurerer utsmykking, bruksgjenstandar og møblar.
Video: Even Hansen / CC BY-NC-ND 4.0

Treskurd er kunsten å skjere figurar og ornament i tre. Treskjeraren arbeider ofte med produkt frå skisser eller teikningar. Arbeidsoppdrag kan vere restaurering og kopiering av eldre arbeid, ofte i tradisjonelle stilartar som barokk, rokokko og drakestil.

Som treskjerar kan du finne eigne uttrykk i arbeidet. Du kan òg bruke kombinasjonar av materiale.

Eigenskapar

Ein treskjerar må ha godt handlag og vere nøyaktig. Du bør ha estetisk sans, vere kreativ og ha god forståing for form. I tillegg treng du materialkunnskap, kunne bruke verktøy og kjenne til ulike overflatebehandlingar.

Utdanning

Utdanninga for å bli treskjerar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag eller vg1 bygg- og anleggsteknikk. Det andre året vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er treskjerar.

Relatert innhald

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2021