Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Møbelsnikkar

Møbelsnikkarar lagar møblar og innreiingar i tre ved bruk av handverktøy og maskiner. Dei kan få i oppdrag å produsere nytt eller å reparere og restaurere gamle møblar. Ein møbelsnikkar kan òg jobbe med produktutvikling og framstille prototypar til industri.

Film: Henriksens snekkeri

I filmen under (lengde 3:03) blir vi med unge møbelsnikkarar på jobb og får sjå kor varierte arbeidsoppgåvene er.

Video: Adalia / CC BY-SA 4.0

Korleis jobbar ein møbelsnikkar?

Som møbelsnikkar jobbar du med skapande arbeidsprosessar. Du designar, teiknar og konstruerer, både for hand og ved hjelp av dataverktøy. Gjennom praktisk arbeid lærer du å bruke materiale, verktøy og maskiner og utviklar ferdigheiter i tradisjonelle og nyare handverksteknikkar. Kundane kan vere alt frå privatpersonar til offentlege verksemder. Møbelsnikkarar samarbeider ofte med møbeltapetserarar.

Film: Møbelsnekker

I denne filmen (lengde 2.57) fortel Kasper Sveen om arbeidet sitt som møbelsnikkar og om utdanningsvegen dit.

Video: Adalia / CC BY-SA 4.0

Eigenskapar

Ein møbelsnikkar bør vere kreativ og ha praktisk og estetisk sans. Du må like å skape med hendene, og dessutan å teikne og konstruere produkt. Det er viktig å både kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Utdanning

Utdanninga for å bli møbelsnikkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i ei møbelsnikkarbedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Etterpå vel du Vg2 trearbeid. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er møbelsnikkar.

Film: Gjenbruk i fokus

Ekteparet Thilde og Ole Rosén-Lystrup driv firmaet Drivved AS på Høvik i Bærum. Dei har spesialisert seg på å lage møblar av gamle materiale. I filmen nedanfor (lengde 4:47) følger vi Ole på jakt etter treverk, og vi ser korleis han løyser ei bestilling på eit bord med plate av gjenbrukte materiale.

Drivved.no – gjenbruk i fokus. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Ole Rosén-Lystrup har vorte kjend gjennom arbeidet sitt i TV-serien Eventyrlig oppussing.

Relatert innhald

Skrive av Svein Sandnes og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK.
Sist oppdatert 12.06.2026