Tips til bruk av søkjeord - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Tips til bruk av søkjeord

Korleis bruker du søkjeord for å gå djupare inn i nettsøka dine?

Søkjeord

Kva for søkjeord du bruker, har alt å seie for kva for kjelder du får lista opp. Derfor må du først og fremst finne gode søkjeord.

  • Ta utgangspunkt i det problemet du ønsker å løyse, og dei fagomgrepa som du kan knytte til problemet. I denne artikkelen går vi gjennom temaet Cubakrisa.
  • Finn også fram til synonym, og finn fram sentrale engelske søkjeord. Nokre ord kan fungere godt i Google, men gjer det ikkje nødvendigvis andre stader.
  • Bruk Google, men gjer òg søk med andre nettlesarar og i databasar. Det kan til dømes vere skulebiblioteket ditt eller nyheitsdatabasen Atekst - Retriever, som mange skular abonnerer på.

Kor mange synonym finn du for omgrepet 'krise'?

Start med få ord

Det kan vere smart å starte med få søkjeord.

Start med: cubakrisa
Du får fleire tusen treff.
Fortsett med: årsaker cubakrisa
Du får nokon hundre treff.
Fortsett med: årsaker cubakrisa spenningstilstand

Du får kanskje berre eitt treff? Slik kan du eksperimentere med søk. Prøv sjølv.

Snevre inn søket

Søk etter: årsaker cuba-krisa 1962
framfor: Cuba-krisa

Unngå heile setningar og preposisjonar

Søk etter: årsaker cuba-krisa 1962
framfor: årsaker til at Cuba-krisa oppstod i 1962

Bruk små bokstavar og utelat teikn

Søk etter: årsaker cubakrisa 1962
framfor Årsaker til Cuba-krisa 1962.

Utelat eitt eller fleire ord frå søkestrengen

Du vil ikkje ha treff der ordet ”atomvåpen” er nemnt.

Søk etter: årsaker cuba krisa 1962 –atomvåpen

Eksakte treff

Fraser gir treff som inneheld eksakt heile frasen, viss han finst på nettet.

Søk etter "spenningstilstand som oppstod mellom usa og sovjetunionen". Du får berre treff som inneheld den eksakte søkestrengen: "spenningstilstand som oppstod mellom usa og sovjetunionen".

Skrive av Sigurd Alnæs. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.11.2018