Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kjeldebruk og kjeldetilvising

Fagstoff

Kjeldeføring i APA-stil

Når du skriv ein tekst og bruker informasjon og fakta frå ulike kjelder, må du føre opp desse kjeldene. Lesaren skal vite kva kjelder du har brukt, og kunne sjekke dei. Ryddig kjeldeføring gir lesaren tillit til deg og er ein peikepinn på kvaliteten ved teksten.

Dette lærer du

  • APA-modellen er eit regelsett (ein stil) for korleis kjelder skal førast.

  • Tilvisingar i løpande tekst gir informasjon om forfattar, årstal og sidetal. Ved tilvisingar til nettekstar kan det stå avsnittsnummer i staden for sidetal.

  • Referansar i kjeldelista skal innehalde informasjon om forfattar, publiseringstidspunkt, tittel på verket og utgivar (til dømes forlag).

Korleis førar du ei kjelde?

Når du bruker ei kjelde, må du føre henne på to måtar i teksten din. For det første må du nemne kjelda der du bruker henne i løpande tekst, og for det andre må du føre henne opp i kjeldelista.

Tilvisinga i løpande tekst er kort. Meir utfyllande opplysningar om kjelda skal i kjeldelista. Ho står heilt til slutt i teksten og er ei oversikt over alle kjeldene du har brukt.

Ulike stilar for kjeldetilvising

Ulike fag har ulike tradisjonar, og derfor finst det fleire system eller stilar for kjeldetilvising. I Harvard-stilen og APA-stilen, til dømes, legg du inn referansane fortløpande i teksten. I Chicago-stilen bruker du fotnotar og legg referansane inn nedst på sida.

Kjeldelistene blir òg førte noko ulikt i dei ulike stilane. I APA-stilen skal kjeldelista vere alfabetisk, mens IEEE-stilen, som er vanleg i ingeniørfag, krev at kjeldene blir førte opp i den rekkefølga dei opptrer i teksten. Uansett stil: Når du først har valt eit system, må du halde deg til det.

APA-stilen

Forkortinga APA står for American Psychological Association. Denne organisasjonen har utvikla eit regelsett (ein stil) for korleis kjelder skal førast, og følger opp denne stilen.

APA-stilen blir rekna som den enklaste og mest moderne referansestilen. Derfor passar han godt til bruk i den vidaregåande skulen. I høgare utdanning er APA-stilen etablert innanfor psykologi, helsefag, økonomi, pedagogikk og nokre realfag.

I Noreg rettar vi oss etter Norsk APA-manual. Innhaldet på denne sida er i samsvar med manualen.

Kjeldeføring i løpande tekst

I løpande tekst må du føre opp forfattar, utgivingsår og stad i kjeldeteksten der du har henta informasjonen (sidetal, avsnitt og så vidare).

Innhaldet du bruker frå kjelda, kan du presentere på to måtar: Du kan gi det att ordrett, eller du kan samanfatte og formidle det med eigne ord.

Indirekte sitat (parafrase)

Når du gir att innhald frå ei kjelde med dine eigne ord, blir dette kalla for eller indirekte sitat. Det er òg snakk om indirekte sitat dersom du samanfattar ein heil artikkel eller skriv om innhald frå engelsk.

  • Indirekte sitat skal ikkje ha sitatteikn.

  • For nettartiklar fører du opp forfattar og årstal i tilvisinga.

  • Dersom kjelda er ein lang tekst, til dømes ei bok, bør du i tillegg føre opp sidetalet.

  • Dersom tilvisinga står sist i ei setning, blir punktum plassert etter tilvisinga.

Døme: Indirekte sitat frå nettartikkel (Store norske leksikon)

Klimaendringar er endringar i mønster for ulike vêrtypar, til dømes når gjennomsnittlege temperaturar eller nedbørsmengder er annleis no enn for ti år sidan (Mamen & Benestad, 2025).

Døme: Indirekte sitat frå bok

På slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet blir det populært å skrive dikt og forteljingar der det fantastiske har ein sentral plass. Diktarane finn stoff i folkedikting og mellomalderdikting, og det irrasjonelle, mystiske og særprega blir framheva. Denne perioden blir kalla romantikken, og det er frå no av fantastisk litteratur blir omtalt som ein eigen kategori (Omdal, 2010, s. 9).

Direkte sitat

Når du gir att innhald frå ei kjelde heilt ordrett, bruker du direkte sitat. Ved direkte sitat skal det vere eit tydeleg skilje mellom dine eigne ord og orda til forfattaren.

Bruk direkte sitat berre når nøyaktig ordlyd er viktig eller heilt nødvendig, eller når sitatet uttrykker ein tanke så kort og treffande at lesarane dine lettare forstår det du skriv om.

Kort direkte sitat

Kort direkte sitat (mindre enn 40 ord) skriv du på denne måten:

  • Marker sitatet med sitatteikn (hermeteikn).

  • Tilvisinga skal stå etter avsluttande sitatteikn, men før punktum.

  • Før opp sidetalet dersom kjelda har sidetal.

  • Ei nettside har ofte ikkje sidetal. Då fører du i staden opp kva avsnitt i teksten sitatet er henta frå.

  • Bruk hakeparentes med tre punktum [...] for å markere kvar du eventuelt har utelate eitt eller fleire ord. Du kan òg bruke hakeparentes for å legge til ord. Men tenk deg alltid godt om før du endrar på eit sitat.

  • Direkte sitat skal ikkje setjast om.

Døme: Direkte sitat frå bok

Det er mogleg å formidle uro i forelsking gjennom éi enkelt setning, som i dette dømet: "Alt eg ville, var å legge armane mine rundt henne og kysse henne" (Tjønn, 2013, s. 60).

Døme 1: Direkte sitat frå nettartikkel i Store norske leksikon

"En språkmodell er en statistisk modell av et språk som brukes innen språkteknologi" (Wold, 2025, avsn. 1).

Døme 2: Direkte sitat frå nettartikkel i Store norske leksikon

Slik forklarer Wold (2025) korleis ein språkmodell fungerer, og kva han kan brukast til: "[En språkmodell] gir en sannsynlighetsfordeling over sekvenser av ord og kan derfor brukes til å analysere og generere tekst basert på naturlige språk, slik som norsk" (avsn. 1).

Lengre direkte sitat

For eit sitat som er lengre enn 40 ord, gjeld litt andre reglar:

  • Sitatet skal stå som eige avsnitt og med innrykk.

  • Du skal ikkje bruke sitatteikn.

  • Teksten din får betre flyt om du set sitatet inn i ein samanheng i forkant og kommenterer det i etterkant, slik det er gjort i dømet under.

  • I dømet er forfattar og årstal allereie nemnt i introduksjonen. Derfor er det berre sidetalet som skal stå i tilvisinga etter sitatet. Tilvisinga står elles etter punktum ved lengre sitat.

Døme: Lengre sitat

I boka Skriv bedre! forklarer Eli Glomnes (2005) korleis sjangeren styrer forventningane vi har til teksten vi skal lese:

Sjangrene gir oss spilleregler for hva som passer hvor. Spillereglene avgjør hva som blir et dikt og hva som blir reklame, hva som blir kåseri og hva som blir artikkel. Disse reglene forandres over tid, men de er stabile nok til at skriveren og leseren kan forstå hverandre. Sjangrene fungerer altså som en slags kontrakt for hvordan tekster skal leses. (s. 53)

Vi treng altså sjangerkunnskap for å kunne oppfatte ein tekst effektivt og slik han var tenkt. Kommunikasjon skjer aldri i eit tomrom, han er knytt til konkrete situasjonar og dermed òg til sjangrar.

Kjeldelista

Alle kjeldene du har brukt i teksten, skal du òg legge inn i kjeldelista. Desse fire opplysningane skal alltid vere med, og i denne rekkefølga:

  1. forfattar

  2. publiseringstidspunkt

  3. tittel på verket

  4. utgivar (til dømes forlag)

Døme: Bok

Hessen, D. O. (2020).Verden på vippepunktet. Res Publica.

Forfattar

Etternamnet på forfattaren skal skrivast fullt ut, mens fornamn(eit) skal forkortast til første bokstav, etterfølgt av eit punktum: Glomnes, E.

Om ein tekst har to forfattarar, må du setje inn eit &-teikn før den siste forfattaren: Mamen, J. & Benestad, R.

Publiseringstidspunkt

Trykte tekstar

For trykte bøker og andre trykte tekstar fører du opp publiseringsåret. Det er årstalet som står saman med copyright-teiknet på i boka.

Nettsider med publiseringsdato og/eller sist-oppdatert-dato

For nettsider fører du opp publiseringsdato. Årstalet står først, så kjem dag og månad: (2025, 12. desember). Har nettsida i tillegg ein sist-oppdatert-dato, bruker du denne i staden for publiseringsdatoen.

Ingen publiseringsdato

Dersom publiseringsdatoen manglar, skriv du (u.å.), det vil seie "utan årstal". For nettsider må du då i tillegg føre opp lesedato (henta-frå-dato).

Døme: Kjeldereferanse utan dato

Opplysningskontoret for frukt og grønt. (u.å.) Hurra for den norske bonden. Henta 21. januar 2026 frå https://www.frukt.no/artikler/hurra-for-den-norske-bonden/

Lesedato

Lesedato (henta-frå-dato) for nettsider må du føre opp

  • for nettsider som manglar publiseringsdato

  • for nettsider som blir ofte oppdatert

  • for nettsider som manglar sist-oppdatert-dato

Men til vanleg fører du opp publiseringsdato eller sist-oppdatert-dato for nettsider og berre fører opp -ein til slutt.

Titlar

  • Titlar står til vanleg i .

  • Ved artiklar i leksikon, ordbøker og andre oppslagsverk står tittelen på artikkelen med vanleg skrift og med stor forbokstav. Namnet på oppslagsverket står i kursiv.

Døme: Artikkel i nettleksikon

Mamen, J. & Benestad, R. (2025, 8. desember). Klimaendringer. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimaendringer

Kva kan du gjere viss opplysningar manglar?

Dersom ei av opplysningane over manglar, finst det eigne reglar for kva du i så fall skal skrive. Dei kan du slå opp ved behov. Manglar det fleire opplysningar om kjelda, må du vurdere nøye om ho er påliteleg og aktuell. Kan hende du då heller skal finne ei anna kjelde.

Alfabetisk rekkefølge

Kjeldelista skal setjast opp i alfabetisk rekkefølge. Det er derfor etternamnet på (første) forfattar som avgjer kvar i lista kjelda skal stå.

Døme på kjeldeliste basert på døma over

Glomnes, E. (2005). Skriv bedre!. Fagbokforlaget/LNU.

Mamen, J. & Benestad, R. (2025, 8. desember). Klimaendringer. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimaendringer

Omdal, G. K. (2010). Grenseerfaringer. Fantastisk litteratur i Norge og omegn. Fagbokforlaget/LNU.

Tjønn, B. T. (2013). Så vakker du er. Cappelen Damm.

Wold, S. (2025, 16. desember). Språkmodell. I Store norske leksikon. https://snl.no/språkmodell

Oppslagsverk om kjeldeføring

Kjeldekompasset

I Kildekompasset finn du døme og forklaringar på korleis du kan føre alle moglege typar kjelder i samsvar med APA-manualen, til dømes bøker, nettsider, lovtekstar, blogginnlegg, tv-seriar, podkastar og kjelder med fleire forfattarar. Du kan òg lese om kritisk kjeldebruk.

Søk & Skriv

Søk & Skriv er ein tilsvarande nettstad med ei oversikt over korleis kjelder skal førast i samsvar med APA-stilen. Her finn du òg gode råd til korleis finne, vurdere og bruke kjelder i arbeid med fagtekstar.

Kilder

Federl, M. og Fivelstad, I (2022). Kildehenvisninger i APA-stil. NDLA. (Erstatta av denne artikkelen, derfor ikkje lenger tilgjengeleg.)

Glomnes, E. (2005). Skriv bedre!. Fagbokforlaget/LNU.

Mamen, J. & Benestad, R. (2025, 8. desember). Klimaendringer. I Store norske leksikon. https://snl.no/klimaendringer

Omdal, G. K. (2010). Grenseerfaringer. Fantastisk litteratur i Norge og omegn. Fagbokforlaget/LNU.

Tjønn, B. T. (2013). Så vakker du er. Cappelen Damm.

Wold, S. (2025, 16. desember). Språkmodell. I Store norske leksikon. https://snl.no/språkmodell

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 21.01.2026