Egenvurdering
Progresjon i kjeldesøk og kjeldekritikk vg1, vg2, vg3
Korleis ligg du an med tanke på din eigen informasjonskompetanse? Kor godt forstår du dine eigne ferdigheiter i kjeldesøk, kjeldekritikk og organisering av kjelder?
Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan områda 'Søk og navigasjon' og 'Kjeldekritikk og organisering av kjelder'.
Strålande
- Du bruker presise fagomgrep, også på engelsk når det er nødvendig, og varierer søkjeord.
- Du bruker systematisk 'avansert søk' i fleire søkjemotorar og databasar.
- Du planlegg kjeldesøket og dokumenterer søket ditt undervegs.
- Du går deg ikkje bort i søket. Du tar deg heller pausar.
Kompetent
- Du har oversikt over, og bruker, fagomgrep som søkjeord.
- Du finn nye søkjeord, og prøver òg med engelske omgrep.
- Du fortset søket, og undersøkjer fleire kjelder for kvart søk.
- Du kjenner til og bruker nokon søkjemotorar og databasar.
- Du prøver å følgje planen for kjeldesøket, og går tilbake til han viss du ramlar ut.
På veg
- Du bruker nokon fagomgrep som søkjeord.
- Du varierer bruk av søkjeord.
- Du bruker nokon kjelder til å skaffe deg oversikt, og nokon for å gå djupare inn i tema.
- Du planlegg søket, men synest det er vanskeleg å følgje planen.
- Du følger med på når du går deg bort og veit hva du skal gjere for å kome på sporet igjen.
Nybegynnar
- Du gjer enkle søk på Google.
- Du går deg ofte vill og avsluttar søket med uforetta sak
Strålande
- Du bruker strategiar for vurdering og dokumentasjon av kjelder.
- Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
- Du har plukka ut presist og relevant innhald frå kjeldene.
- Du viser dermed god oversikt over tema og bruker kjeldene til å løyse problemet.
Kompetent
- Du bruker læremidla i fag som hovedkjelder, og fyller ut med ein eller to kjelder frå oppslagsverk og nettstader.
- Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
- Du bruker relevant innhald frå kjeldene for problemet du jobbar med.
- Du får fram kvifor nettopp desse kjeldene er brukte.
På veg
- Du bruker læremiddel som utgangspunkt for vidare søk på nett.
- Nokon kjelder er pålitelege og relevante. Andre er ikkje det.
- Du gir grunn for kvifor du har brukt kjeldene, men kan av og til vere litt usikker på om dei løyser problemet.
Nybegynnar
- Du bruker læremidla i faget.
- Du bruker upålitelege kjelder som for eksempel Daria.