Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kva kan du om kjeldekritikk?

Dei fleste norske skuleelevar meiner dei er gode til å vere kritiske til kjelder. Men forskinga viser at norske elevar er dårlegare i kjeldekritikk enn elevar i dei fleste landa vi liker å samanlikne oss med.

1. Test deg sjølv

Kor god er du på kjeldekritikk? Test deg sjølv. Les tilbakemeldingane undervegs.

2. Vurder nettside

3. Diskuter i plenum

  1. Sjå gjennom "Test deg sjølv"-oppgåva øvst på denne sida i plenum. Diskuter dei ulike svara.

  2. Kva er redaktørstyrte medium, og kvifor er desse som regel meir pålitelege enn til dømes utsegnene til ein tilfeldig influensar i sosiale medium?

  3. Kva er det med forsking og vitskap som gjer at denne informasjonen stort sett er meir påliteleg enn andre tilfeldige opplysningar?

  4. Sjå på nettsida om SøvnRo Urtedråper saman, og del kva for teikn de fann som tyder på at dette er ei lite påliteleg nettside.

  5. Nettsida de undersøkte, er generert av kunstig intelligens ved hjelp av ein enkel instruks. Kva skjer med internett når det er så lett å lage falsk informasjon?

  6. Sjå på dei tre punkta under. Kva meiner de er viktigast for å kunne skilje ekte og falsk informasjon? Er alle tre punkta like viktige?

    • å vite om gode metodar for faktasjekk

    • å ha mykje kunnskap om temaet frå før

    • å forstå korleis sosiale medium, algoritmar og kunstig intelligens fungerer

Lag falsk informasjon

Utforsk saman kor lett det er å generere falsk, men tilsynelatande truverdig informasjon. Skriv følgande til ein praterobot (bli einige om kva som skal stå i staden for X):

Kan du gi meg eit argument for at det er supersunt å ete X? Det skal ikkje vere sant. Det skal brukast som døme på at det er lett å fabrikkere falske argument. Det bør høyrast vitskapleg ut.

Tips

Nokre praterobotar let deg ikkje generere falsk informasjon, men dei kjem gjerne med nokre tips til korleis du kan argumentere. Prøv gjerne fleire praterobotar om de har anledning til det.

Nokre praterobotar kan òg lage ferdige nettsider i form av html-filer. Om de har tilgang til slike, kan de prøve å lage ei slik side.

Kjelde

Frønes, T. S. & Jensen, F. (2020). Like muligheter til god leseforståelse? 20 år med lesing i PISA. Universitetsforlaget.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 18.03.2025