Kva kan du om kjeldekritikk?
1. Test deg sjølv
Kor god er du på kjeldekritikk? Test deg sjølv. Les tilbakemeldingane undervegs.
2. Vurder nettside
Jobb i par.
Gå inn på artikkelen "FORSKARAR I SJOKK!" på nettsida som kallar seg NorskHelseMagasin.
Diskuter: Kva for teikn finn de på at dette er ei upåliteleg nettside? Finn så mange ulike teikn de kan.
3. Diskuter i plenum
Sjå gjennom "Test deg sjølv"-oppgåva øvst på denne sida i plenum. Diskuter dei ulike svara.
Kva er redaktørstyrte medium, og kvifor er desse som regel meir pålitelege enn til dømes utsegnene til ein tilfeldig influensar i sosiale medium?
Kva er det med forsking og vitskap som gjer at denne informasjonen stort sett er meir påliteleg enn andre tilfeldige opplysningar?
Sjå på nettsida om SøvnRo Urtedråper saman, og del kva for teikn de fann som tyder på at dette er ei lite påliteleg nettside.
Nettsida de undersøkte, er generert av kunstig intelligens ved hjelp av ein enkel instruks. Kva skjer med internett når det er så lett å lage falsk informasjon?
Sjå på dei tre punkta under. Kva meiner de er viktigast for å kunne skilje ekte og falsk informasjon? Er alle tre punkta like viktige?
å vite om gode metodar for faktasjekk
å ha mykje kunnskap om temaet frå før
å forstå korleis sosiale medium, algoritmar og kunstig intelligens fungerer
Lag falsk informasjon
Utforsk saman kor lett det er å generere falsk, men tilsynelatande truverdig informasjon. Skriv følgande til ein praterobot (bli einige om kva som skal stå i staden for X):
Kan du gi meg eit argument for at det er supersunt å ete X? Det skal ikkje vere sant. Det skal brukast som døme på at det er lett å fabrikkere falske argument. Det bør høyrast vitskapleg ut.
Tips
Nokre praterobotar let deg ikkje generere falsk informasjon, men dei kjem gjerne med nokre tips til korleis du kan argumentere. Prøv gjerne fleire praterobotar om de har anledning til det.
Nokre praterobotar kan òg lage ferdige nettsider i form av html-filer. Om de har tilgang til slike, kan de prøve å lage ei slik side.