Bruk KI til å bli ein betre skrivar

Visste du dette om praterobotar?
Ein praterobot er eit dataprogram som er laga for å etterlikne ein samtale med eit menneske. Dei opptrer som kunnskapsrike og svært overtydande. Men praterobotar kan gjere feil, og det skjer ganske ofte. Dei kan blande saman informasjon, finne opp ting eller henge seg opp i uviktige detaljar. Derfor skal vi vere kritiske til svara dei gir.
Før du les vidare om korleis du kan bruke praterobotar til å bli betre til å skrive, er det lurt å forstå teknologien. Start derfor med å lese fagartikkelen "Praterobotar og kritisk bruk".
KI som skrivekamerat
Tenk over og diskuter
Kvifor skriv vi?
Kvifor er det viktig å ha si eiga stemme? (Eller er det ikkje det?)
Kva kan vi miste om vi overlèt all skrivinga til kunstig intelligens?
Kva kan vi vinne på å bruke kunstig intelligens når vi skriv?
Skriveprosessen
Du kan bruke praterobotar på ulike stadium i skriveprosessen. Det kan vere freistande å la han skrive heile teksten for deg, men det lærer du veldig lite av. I tillegg kan hjernen din bli lat og utrena.
Tips!
Start alltid med å skrive ned alt du sjølv kjem på, før du ber roboten om hjelp. Det same gjeld når du skal lage strukturen til ein tekst. Då trener du hjernen din og omarbeider kunnskap du allereie har.
Bruk KI til å få idéar
Når du står fast på kva du skal skrive om, eller korleis du kan komme i gang, kan du be prateroboten om å
foreslå tema til ein tekst
foreslå moment du kan ha med i ein tekst om eit spesifikt tema
lage tankekart eller forslag til struktur
Bruk KI som skriverettleiar
Etter at du har skrive noko sjølv, kan du lime det inn i prateroboten og be han om tilbakemeldingar. Du kan til dømes spørje slik:
Er teksten lett å forstå?
Er det noko i teksten som er uklart og treng betre forklaring eller eit døme?
Kva kan eg gjere for at teksten skal bli lettare å lese? Sjå på tekstbindingar.
Korleis kan eg variere språket? Sjå på setningsbygning og ordforråd.
Tips!
Du treng ikkje vere einig med forslaga du får! Hugs å behalde din eigen stil og stemme i teksten. Det kan vere ganske kjedeleg å lese ein "perfekt" tekst der mennesket bak ikkje blir vist så godt.
Bruk KI for å lære skrivestil
Er du usikker på om du treffer på sjanger og stilnivå? Gi prateroboten eitt eller fleire avsnitt du har skrive i ein spesifikk sjanger, og be han til dømes om å kommentere på om
stilen er formell nok
stilen er personleg nok
du har med tydelege sjangertrekk
Du kan òg lære om skrivestil ved å gi roboten ein tekst, til dømes ein fagartikkel. Be så roboten om å omformulere same tekst til ulike sjangrar, til dømes ein tale, eit lesarinnlegg eller ei novelle.
Tips!
Sit saman i par og diskuter kva for grep prateroboten gjer for å forandre sjanger og skrivestil. Marker endringane i teksten. Del det de finn med resten av klassen.
Kva legg de merke til? Kva kan de lære av det roboten har gjort?
Bruk KI til å oppdage skrivefeil
Når du har skrive teksten ferdig, kan du be prateroboten leite etter ord du har skrive feil, manglande teiknsetjing og andre grammatiske feil.
Det er viktig å vite at sjølv om prateroboten er god på språk, "kan" han ikkje grammatikken. Han gjettar berre kva som er sannsynleg ut frå tekstane han har øvd på. Og sidan han har øvd mest på engelskspråklege tekstar, kan han finne på å bruke syntaks og ord som kjem derifrå. Du bør derfor òg sjekke med ordbøker og norsklæraren din viss du er i tvil om noko er rett eller gale.
Tips!
Dette er nyttige lenker når du skal undersøke om roboten har gitt deg gode råd:
Fagartiklane i emnet "Skriv korrekt og god norsk!"
Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no
Språkrådet: Emnet "Rettskriving og grammatikk"
Lag skrivelogg
Lær om eigen skriveprosess og reflekter over kva du bruker KI til ved å skrive ein logg undervegs. Du treng ikkje skrive mykje, men noter kort ned kva du har forandra undervegs, kvifor du forandra, og kva du har lært av det.
Forslag til kva som kan vere med i loggen:
Kva forandra du i teksten din?
Kvifor forandra du det?
Kva slags forslag frå roboten brukte du ikkje? Grunngi!
Kva lærte du av forslaga?
Kva vil du gjere annleis neste gong du skriv?
Ikkje bruk KI til juks
Skulen vil at du skal lære å skrive. Viss du leverer noko KI har skrive utan å forstå det, går du glipp av læringa. I tillegg er det juks viss læraren har sagt du ikkje kan bruke KI i arbeidet.
Kort sagt
Du må framleis tenke sjølv!
Ein praterobot er flink til å skrive, men han veit ikkje kva du tenker og meiner. Viss du lar KI gjere alt for deg, lærer du mindre. Det beste er å
skrive eit utkast sjølv
bruke KI til å forbetre, forklare og vise alternativ
alltid lese gjennom og gjere teksten til din eigen
Relatert innhald
Praterobotar (KI) er nyttige skriveverktøy, spesielt for dei av oss som har lese- og skrivevanskar. Men KI har nokre utfordringar vi må vere klare over.


