Praterobot og skrivevanskar

Kort om skribenten
Eg heiter Tron, og eg har dysleksi. Då eg var barn, verka det umogeleg for meg å skulle lære å lese og skrive ordentleg. Men med tett oppfølging og aktiv bruk av digitale verktøy klarte eg å komme meg gjennom utdanning, å fungere godt i arbeid – og til og med bli fagforfattar her på NDLA.
I denne artikkelen fortel eg korleis eg bruker praterobotar som skriveverktøy. Dette er ikkje ein fasit, men kanskje du finn nokre tips til korleis du kan bruke desse kraftige, men langt frå perfekte verktøya i din eigen skriveprosess.
Praterobot: eitt av mange verktøy

Vi har mange hjelpemiddel og verktøy for skriving. Nokre blir brukte av alle i form av stavekontroll på telefonen eller i Word. Anna programvare er berekna på oss med skrive- og lesevanskar. Alle desse programma fungerer bra, men dei kan kjennast upersonlege og minner oss om kor vanskeleg det er å skrive rett. Praterobotar, derimot, kan vi oppleve som meir behageleg å prate med, men dei er ikkje laga spesielt for å hjelpe oss med skriving, og det kan føre til nokre ulemper du bør vite om.
Tipset mitt er å bruke praterobotar, men ikkje åleine. Bruk dei i kombinasjon med andre hjelpemiddel og på ein måte som styrker skrive- og leseevnene dine.
Vanlege svakheiter ved praterobotar som skriveverktøy
Praterobotar skriv dårleg norsk
Praterobotar er trente på store mengder data av varierande kvalitet. Treningsdataa er òg på mange språk, men først og fremst engelsk. Dette gjer at praterobotar kan gi feil svar eller foreslå løysingar som er rette på til dømes engelsk, men det blir kanskje feil på norsk.
I 2025 undersøkte Språkrådet språkføringa til praterobotar. Dei fann fleire anglisismar, altså uttrykksmåtar som er meir typisk for engelsk enn norsk. Til dømes kan ein praterobot skrive "Han hadde ikkje møtt Mari i person enno" (Språkrådet, 2025). På godt norsk er det betre å skrive "Han hadde ikkje møtt Mari ansikt til ansikt enno".
Praterobotar gjer jobben for deg
Praterobotar er laga for å svare raskt og effektivt. Derfor gir dei ofte eit ferdig svar viss du til dømes ber dei forbetre ein tekst. Det verkar jo praktisk, men det har nokre ulemper du bør vere klar over.
Nokre praterobotar har eigne modusar for læring, men desse er ikkje skrudde på som standard; du må aktivere dei sjølv.
Å lære av eiga skriving
Raske fasitsvar er praktisk og tidssparande, men dei er vanskelege å lære av, spesielt for oss med skrivevanskar. For kvar i teksten er det gjort endringar, og kvifor? Det er derfor viktig at vi ber prateroboten gå gjennom teksten steg for steg og gi forslag til forbetringar som vi så kan vurdere og arbeide inn i vår eigen tekst. Dette lar oss vurdere og lære av prosessen.
Å ikkje miste si eiga stemme

Det er lett å føle at det å skrive berre handlar om rettskriving, men kvifor har vi språk, og kvifor skriv vi? Jo, for å kunne formidle det vi tenker og kjenner. Du har ei stemme, og ho er verdifull fordi ho er di.
Praterobotar kan hjelpe oss, men dei har ein tendens til å skrive om for mykje. Då kan teksten miste det personlege preget – stemma di. Teksten blir kanskje teknisk betre, men han blir meir upersonleg og generisk. Dette er ein annan viktig grunn til at du må gå gjennom forslag frå prateroboten framfor å la han lage fasitsvar eller skrive for deg. "Smak" på forslaga og kjenn etter om dette er sånn du vil høyrast ut. Det er lov å takke nei eller be om andre forslag til forbetringar.
Korleis kan praterobotar hjelpe deg med skriving?
Rette opp skrivefeil og gi tips til setningsstruktur
Praterobotar er nyttige til å avdekke skrivefeil og tunge setningar med feil struktur.
Gi prateroboten ein tydeleg instruksjon om kva du ønsker hjelp med, elles vil han gjere for store endringar i teksten.
Det er ikkje alltid praterobotar finn alle feila første gongen du spør. Det er derfor lurt å rette feila og så kopiere inn teksten til prateroboten på nytt for ein ny gjennomgang.
Forslag til instruks – sjekk kva prateroboten svarer
Hjelp meg å gå gjennom teksten under steg for steg. Sjå etter skrivefeil, strukturfeil og andre uklarleikar.
Avdekke forvekslingsord
Vi kallar eit ord for eit forvekslingsord (homonym) når det liknar eller høyrest ut som eit anna ord, men har ei heilt anna betydning. Døme er vott/vått, love/låve og å/og.
Skriveprogram som Word klarer i mange tilfelle å avdekke når du bruker feil ord, men spesielt i lengre tekstar kjem praterobotar godt med. Ein praterobot kan òg forklare feila.
Forslag til instruks – sjekk kva prateroboten svarer
Er det nokon skrivefeil i denne setninga? "Vi punkterte på vi inn på Hamar, Kåre bytte jul mens eg åt kanelbolle på ein triveleg liten kafé på ei ombygd love."

Hjelpe med å finne rett ord
Dei fleste har opplevd å ikkje hugse det rette ordet i ein samtale eller når dei skriv ein tekst. Kanskje har du det rette ordet på tunga, kanskje kan du ordet på engelsk, eller kanskje du veit at det burde finnast eit enkeltord som burde dekke det du elles ville brukt ei setning på å forklare.
Det går an å bruke synonymordbok for å finne ordet du leiter etter, men det krev at du kan eit synonym (eit ord med veldig lik betydning) til det ordet du er ute etter.
Med praterobot kan prosessen forenklast. Forklar prateroboten kva ordet betyr, eller gi roboten setninga der ordet manglar, så får du eit forslag.
Forslag til instruks – sjekk kva prateroboten svarer
Eg treng hjelp med å finne eit ord for å beskrive små regndropar som er ute i graset om morgonen.