Sølvsmed - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sølvsmed

Ein sølvsmed designar, produserer og restaurerer sølvgjenstandar som lysestakar, krus, fat og sølvkanner.

Sølvsmed

Sølvsmeden lagar og reparerer større gjenstandar i sølv ved hjelp av tradisjonelle teknikkar. Sidan smykkeprodusentar ofte kallar seg sølvsmedar, kan det vere ei viss forvirring knytt til kva handverkarar som gjer kva. Ein sølvsmed jobbar med teknikkar for å framstille større varer som bollar, lysestakar og bestikk.

Ein sølvsmed blir òg kalla for korpussølvsmed. Hole gjenstandar eller korpus blir laga ved at sølvet blir hamra ut til ønskt form eller at metalldelar blir lodda saman.

Ein del kunstnarar som har utdanning som sølvsmed, lagar unika-produkt. Det vil seie at dei berre lagar eitt eksemplar av produktet.

Som sølvsmed treng du kunnskap om materiale, stilartar og eigenarten til faget.

Utdanning

Utdanninga for å bli sølvsmed er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag. Det andre året vel du Vg2 gull- og sølvsmedhandverk. Etter to år i lære i sølvsmedfaget kan du ta sveinebrev. Dersom du ønskjer å ta vidareutdanning etter å ha fått nok praksis, kan du òg ta meisterbrev i sølvsmedfaget.

Relatert innhald

Fagstoff
Gull- og sølvsmedhandverk

Gull- og sølvsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall.

Fagstoff
Gullsmed

Gullsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall, gjerne med edelsteinar og perler.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021