Gull- og sølvsmedhandverk - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Gull- og sølvsmedhandverk

Gull- og sølvsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall. Som gull- eller sølvsmed får du arbeide praktisk og bruke materiale, verktøy og maskiner i skapande prosessar. Du lærer handverksproduksjon og får innsikt i sal av varer og tenester.

Gullsmed, sølvsmed og filigranssølvsmed

Gullsmed, sølvsmed og filigranssølvsmed er yrke som er nærskylde. Det er logisk å tenkje at gullsmeden jobbar med gull og sølvsmeden med sølv. Men ser vi på arbeida til ein gullsmed, oppdagar vi at det like ofte er varer i sølv som av gull. Det som skil desse to faga, er teknikkane dei jobbar med.

Gullsmedteknikkar er teknikkar for å framstille smykke, uavhengig om materialet er gull, sølv eller uedle metall.

Ein sølvsmed jobbar med teknikkar for å framstille større varer som bollar, lysestakar og bestikk. Det er ingen reglar for at dei ikkje kan vere i gull.

Kjenneteiknet på filigransarbeid er at det er sett saman av mange små metalldelar. Det er laga av små kuler og tynne trådar som blir bøygde, blir fletta eller vridde og blir sette saman til ulike mønster. Vi kjenner filigran best frå søljer til bunader og festdrakter.

Utdanning

EtterVg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag kan du ta Vg2 gull- og sølvsmedhandverk på skule. Dette er ei landslinje. Deretter kan du velje to år spesialisering i gullsmedfaget, sølvsmedfaget eller i filigranssølvsmedfaget i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Jobbmoglegheiter

Med utdanning og fagbrev som gull-, sølv eller filigranssølvsmed har du fleire arbeidsmoglegheiter. Du kan jobbe i ein større gullsmedverkstad med produksjon og reparasjon, starte eige føretak der du designar og utviklar eigne kolleksjonar, eller arbeide i ei gullsmedforretning med sal av smykke og reparasjonar.

Relatert innhald

Fagstoff
Gullsmed

Gullsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall, gjerne med edelsteinar og perler.

Fagstoff
Sølvsmed

Ein sølvsmed designar, produserer og restaurerer sølvgjenstandar som lysestakar, krus, fat og sølvkanner.

Skrive av Pål Atle Lystad, Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021