Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Vedlikehald av gassbrennar og gasskjerar

Gassbrennarar og gasskjerarar som bruker oksygen og acetylen, er viktige verktøy i metallomarbeiding og vedlikehaldsarbeid. For å sikre trygg og effektiv drift er det avgjerande å følge rutinar for regelmessig vedlikehald.

Gassentral

Ein gassentral består av mange ulike komponentar, som regulatorar, slangar, manometer og sjølve gassbrennaren. På biletet under kan du gå inn på dei ulike komponentane og få informasjon om kva dei heiter, og kva funksjon dei har.

Vedlikehald av gassbrennar og gasskjerar

Regelmessig vedlikehald av gassbrennar og gasskjerar er avgjerande for sikkerheit og optimal yting. Førebyggande tiltak som reingjering, inspeksjon og testing av komponentar reduserer risikoen for feil, mens korrigerande tiltak som reparasjon og utskifting sikrar at utstyret fungerer når det trengst.

Ved å følge desse rutinane kan du både forlenge levetida til utstyret og bidra til ein tryggare arbeidsplass.

Førebyggande vedlikehald

Førebyggande vedlikehald handlar om å forhindre feil og redusere risikoen for ulykker. Dette inkluderer rutinemessige kontrollar og reingjering.

Reingjering og inspeksjon

Etter kvar bruk bør brennarhovudet og dysene bli reingjorde for å fjerne smuss, metallrestar og karbonavleiringar som kan blokkere gassflyten. Kontroller dysene for sprekkar eller deformasjonar, og byt dei ut ved behov.

Kontroll av slangar og koplingar

Slangane må inspiserast regelmessig for å sikre at dei ikkje har sprekkar, lekkasjar eller slitasje. Sjekk at koplingane mellom slangar og regulatorar er tette, og stram til ved behov for å unngå gasslekkasjar.

Test av ventilar og tilbakeslagsventilar

Ventilane på brennaren og gassflaskene bør kontrollerast før kvar bruk. Sørg for at dei opnar og lukkar jamt, og at tilbakeslagsventilane fungerer korrekt for å forhindre tilbakeslag i systemet.

Oppbevaring og trykkregulatorar

Gassflaskene skal oppbevarast ståande og sikra mot fall på ein godt ventilert stad vekk frå varmekjelder. Trykkregulatorane må kontrollerast kvar veke for rett trykk og jamn gassflyt.

Vedlikehaldsplan

Ein strukturert vedlikehaldsplan gir klare retningslinjer for kva som skal gjerast, kor ofte, og kven som er ansvarleg.

Sjekk alltid vedlikehaldsinstruksjonane frå maskinleverandøren når du skal lage ein vedlikehaldsplan for utstyret ditt.

Tabellen nedanfor viser eit døme på kva vedlikehaldsoppgåver som kan vere aktuelle for gassbrennar og gasskjerar.

Døme på vedlikehaldsoppgåver for gassbrennar og gasskjerar

Vedlikehaldsoppgåve

Hyppigheit

Beskriving

Reingjering av brennarenEtter kvar brukFjern smuss, støv og restar av smelta materiale frå brennarhovudet og dyser.
Kontroll av dyserEtter kvar brukInspiser skjere- og oppvarmingsdyser for skadar, blokkeringar eller deformasjon.
Kontroll av slangarEtter kvar brukSjekk slangane for sprekkar, lekkasjar og slitasje. Pass på at tilkoplingar er sikre.
Sjekk av ventilar og koplingarEtter kvar brukKontroller at ventiler og koplingar er tette og fungerer jamt. Stram lause koplingar ved behov.
Test av tilbakeslagsventilarFør kvar brukKontroller at tilbakeslagsventilane på gassleidningane fungerer som dei skal, for å hindre tilbakeslag.
Test av trykkregulatorarKvar vekeKontroller at trykkregulatorane gir rett trykk i samsvar med spesifikasjonane for oksygen og acetylen.
Drenering av kondensKvar vekeTøm eventuell kondens frå systemet for å forhindre at vatn eller forureiningar påverkar gassflyten.
Reingjering av gassfilterMånadlegReingjer gassfilter for å sikre jamn gassflyt og unngå blokkeringar.
Smørjing av bevegelege delarMånadlegSmør bevegelege delar av ventilar eller koplingar der det er tilrådd.
Kontroll av oppbevaringMånadlegSjekk at gassflaskene blir oppbevarte rett, ståande og sikra mot fall, og at dei ikkje blir utsette for høg varme.
Kontroll av flammetypeMånadlegTest flammetypen for å sikre at han er stabil og rett for oppgåva (nøytral, oksiderande eller karboniserande flamme).
Byte av slitne delarKvartalsvisByt ut slitne komponentar som dyser, tilbakeslagsventilar og slangar.
Full gjennomgang av systemetHalvårlegInspiser heile systemet, inkludert gassflasker, regulatorar, slangar og brennar for teikn på slitasje eller skade.
Kalibrering av trykkregulatorarÅrlegTest og kalibrer trykkregulatorane for å sikre nøyaktige trykkinnstillingar.

Korrigerande vedlikehald

Korrigerande vedlikehald er nødvendig når problem oppstår, eller når utstyret ikkje fungerer som forventa. Dette inneber reparasjon eller utskifting av komponentar.

Utskifting av dyser og slangar

Slitne eller blokkerte dyser kan føre til ustabile flammar og redusert yting. Desse må bytast ut regelmessig. Skadde slangar bør òg erstattast omgåande for å forhindre lekkasje.

Reparasjon av ventilar

Viss ein ventil lek eller ikkje fungerer, må han bli reingjort, justert eller bytta ut. Dette kan inkludere utskifting av pakningar eller små mekaniske delar i ventilen.

Kalibrering av trykkregulatorar

Viss gassflyten er ujamn eller trykket ikkje kan justerast rett, kan det vere nødvendig å kalibrere eller byte trykkregulatoren. Feiljusterte regulatorar kan føre til ineffektiv gassbruk og dårleg flammekontroll.

Feilsøking av flammen

Viss flammen er ustabil eller vanskeleg å tenne, kan problemet ligge i tetta gasslinjer, feil trykkinnstillingar eller slitne komponentar. Feilsøking og justering løyser ofte desse problema.

Tilleggsutstyr

For at ein gassbrennar eller -skjerar skal fungere i praktisk bruk, er det òg viktig at tilleggsutstyr fungerer slik det skal.

Vanleg utstyr for bruk saman med ein gassbrennar ser du på det interaktive biletet under, og du kan gå inn på symbola for å få ei forklaring på kva det ulike utstyret er.

Relatert innhald

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 16.01.2025