Fagstoff
Video
Førebyggande og korrigerande vedlikehald
Vedlikehald er viktig for å halde maskinparken i god stand og gjennom dette halde oppe ein god produksjon utan unødvendig driftsstans. I desse to filmane får vi eit innblikk i omgrepa førebyggande og korrigerande vedlikehald.
Førebyggande vedlikehald
Førebyggande vedlikehald er eit arbeid som blir gjennomført for å halde oppe normal teknisk stand på ei maskin.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
Korrigerande vedlikehald
Korrigerande vedlikehald er det arbeidet du utfører for å tilbakestille ei maskin til opphavleg stand, viss det er slitne komponentar.
Forskjellen på ein reparasjon og korrigerande vedlikehald er at ved ein reparasjon er det som oftast ein del som forårsakar ein driftsstans, mens ved korrigerande vedlikehald skiftar vi ein del som begynner å bli sliten eller har stått på maskina i angitt tidsperiode, utan at maskina nødvendigvis har stoppa.
Døme på dette kan vere slitne reimer, ulyd i lager og andre små vedlikehaldsoppgåver som ikkje nødvendigvis har forårsaka ein driftsstans.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0