Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Drøfte

Å drøfte er å diskutere eit tema eller ein sak på ein slik måte at du får fram ulike perspektiv. Du kan drøfte både munnleg og skriftleg.

Du kan til dømes

- beskrive ulike argument for og imot

- beskrive ulike løysingar

- beskrive ulike konsekvensar som kan oppstå

- beskrive ulike haldningar

Til slutt skal du lage ein konklusjon. I konklusjonen skal du forklare kva du synest er tydelegast eller det beste valet ut frå ståstaden din. Du kan òg konkludere med kva du meiner bør veljast bort, og kvifor du meiner det.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 04/20/2022