Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vurdering av munnleg eksamen

Korleis blir munnleg eksamen i tysk vurdert? Her får du litt generell informasjon og ei oversikt over vanlege vurderingskriterium.

Generelt om vurdering av eksamen

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for framandspråk nivå 2. Kvar elev blir vurdert individuelt. Det er berre det du viser på eksamensdagen, som tel. Førebuingsdagen er ikkje ein del av vurderinga.

Eksaminator og sensor

Det er to personar som skal vurdere prestasjonen din, eksaminator og sensor. Eksaminator er den som leiar eksamen. Som regel er dette faglæraren din. Sensor lyttar og tek notat, men kan òg stille spørsmål. Eksaminator og sensor fastset karakteren saman. Dersom eksaminator og sensor er ueinige, er det sensor som fastset endeleg karakter.

Vurderingskriterium

På eksamensdagen blir det brukt vurderingskriterium som ei slags sjekkliste for å vurdere kor godt du gjer det på eksamen. Det sensor pleier å sjå etter, er

lytteforståing
om du forstår når nokon snakkar til deg på tysk
ordforråd
om du har eit variert ordforråd og bruker ord og uttrykk som passar inn i samanhengen
språklege strukturar
om du kan bøye verb, bruke rett artikkel og fleirtalsform på substantiv, bøye ord i kasus, bygge opp setningar rett osv.
uttale
om du uttaler ord rett og snakkar med god og flyt
språkhandlingar og kommunikasjon
om du deltar aktivt i samtalen, og om du tydeleg og forståeleg kan 1: forklare fagleg emne, 2: fortelje om og beskrive opplevingar eller hendingar, og 3: si og grunngi di eiga meining
interkulturell kompetanse
om du kjenner til samfunnsforhold, og historiske hendingar i tysktalande land og kan samanlikne med din eigen bakgrunn

i vurderingskriteria varierer frå fylke til fylke, nokre gonger òg frå skule til skule. Slik kan eit vurderingssskjema sjå ut:

vurderingskriterium for munnleg eksamen

Karakter 6

Karakter 4

Karakter 2

Lytteforståing

Du forstår tydeleg tale på tysk godt.

Du forstår tydeleg tale på tysk ganske godt.Du forstår noko tydeleg tale på tysk.

Ordforråd

Du har eit variert ordforråd og bruker ord som passar godt inn i samanhengen.

Du har eit tilstrekkeleg ordforråd og bruker stort sett ord som passar inn i samanhengen.Du har eit avgrensa ordforråd og bruker ein del ord som er upresise eller ikkje passar inn i samanhengen.

Språklege
strukturar

Du meistrar grunnleggande grammatikk godt og bygger opp setningar rett.

Du meistrar ein del grunnleggande grammatikk og bygger opp enkle setningar rett. Du meistrar noko enkel grammatikk og bygger til dels opp enkle setningar rett.

Uttale

Du har god flyt, uttale og intonasjon.Du har nokså god flyt, uttale og intonasjon.Du har noko flyt og forståeleg uttale og intonasjon.

Kommunikasjon og språkhandlingar

Du deltar aktivt i samtalen og svarer godt og utfyllande på spørsmål. Du fortel, beskriv og grunngir tydeleg.

Du deltar i samtalen og svarer relevant på spørsmål. Du fortel, beskriv og grunngir nokså tydeleg.Du bidrar litt i samtalen og svarer delvis relevant på spørsmål. Du fortel og beskriv enkelt og til dels lite tydeleg.

Interkulturell kompetanse

Du samtaler om faglege tema, viser god kjennskap til tysktalande land og samanliknar med din eigen kultur.

Du fortel om faglege tema, viser ein del kjennskap til tysktalande land og samanliknar med din eigen kultur.Du nemner faglege tema, viser litt kjennskap til eit tysktalande land og seier noko om din eigen kultur.
Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 12.05.2025