Tema til munnleg eksamen
Moglege tema
Temaa du kan trekke til munnleg eksamen, er opne og generelle og bygger på lærestoffet som er gjennomgått i timane. Her får du nokre forslag til tema og ei liste med aktuelle problemstillingar til kvart tema som du kan bruke til første delen av eksamen (innleiing). Sjå bort frå problemstillingane som ikkje handlar om tema de har jobba med i timane.
Tips til arbeidsmåte
Her er nokre forslag til korleis de kan gå fram:
Jobb to og to.
Ta ein kikk på sida om vurdering av munnleg eksamen: Kva er viktig å tenke på?
Vel eit tema og les innleiinga nøye. Kva kan de om dette temaet frå før? Lag gjerne eit felles tankekart.
Jobb individuelt.
Gå gjennom punktlista med problemstillingar og vel éi av dei.
Førebu ein kort presentasjon på ca. 3 minutt. Finn informasjon og noter stikkord.
Øv på å presentere informasjonen på tysk. Øv òg på å svare på spørsmål etter presentasjonen. (Sjå spørsmåla til problemstillinga/punktet du har valt.)
Presenter for kvarandre i par.
Snakk fritt, men bruk notat/stikkord viss de ønsker.
Gi kvarandre tilbakemelding: Ros det som er bra, og hjelp kvarandre slik at presentasjonane blir best mogleg.
Gjennomfør "prøve-munnleg" med lærar.
Alternativ 1: Læraren eksaminerer dykk enkeltvis i 5–10 minutt.
Alternativ 2: Læraren eksaminerer dykk parvis. De har rolla som eksaminator for kvarandre og stiller kvarandre 1–2 spørsmål etter presentasjonen. Læraren er sensor og noterer undervegs. Til slutt stiller sensor eit siste spørsmål og set så karakter.
Thema 1: Kommunikation und Beziehungen
Korleis snakkar vi med kvarandre, og korleis oppfører vi oss? Korleis bygger vi gode relasjonar? Her kan du til dømes snakke om familie, vennskap, kommunikasjon i ei globalisert verd og ulike måtar å kommunisere på (munnleg, skriftleg, digitalt, ansikt til ansikt, formelt, uformelt etc.).
A: Sosiale medium – bruk og konsekvensar
Wie beeinflussen soziale Medien die Beziehungen zwischen Menschen? Wie nutzen Jugendliche soziale Medien? Was glaubst du: Wie ist es in den deutschsprachigen Ländern?
Korleis påverkar sosiale medium relasjonane mellom menneske? Korleis bruker ungdommar sosiale medium? Korleis trur du bruken er i tysktalande land?
B. Kommunikasjon i ei globalisert verd
Wie kommunizieren Menschen in einer digitalisierten und globalisierten Welt? Welche Vorteile und Nachteile hat digitale Kommunikation?
Korleis kommuniserer folk i ei digitalisert og globalisert verd? Kva fordelar og ulemper har digital kommunikasjon?
C: Forholdet mellom ungdom og vaksne
Wie ist das Verhältnis zwischen Jugendlichen und Erwachsenen in Norwegen? Und wie ist es in den deutschsprachigen Ländern? Wann werden Jugendliche normalerweise selbstständig und ziehen von zu Hause aus?
Korleis er forholdet mellom ungdom og vaksne i Noreg? Og korleis er det i dei tysktalande landa? Når er det vanleg for dei unge å bli sjølvstendige og flytte heimanfrå?
D: Ulik kultur, ulik kommunikasjon?
Welche Probleme können bei der Kommunikation zwischen Personen aus unterschiedlichen Kulturen entstehen? Was sind deine Erfahrungen? Kannst du Beispiele geben?
Kva problem kan oppstå i kommunikasjon mellom personar frå ulike kulturar? Kva er erfaringane dine? Kan du gi eksempel?
E: Tyskkunnskapar som nyttig kompetanse
Wie kann Deutsch Türen öffnen, zum Beispiel in der Arbeitswelt oder auf Reisen? In welchen Berufen oder Situationen kann es besonders nützlich sein, Deutsch zu sprechen?
Korleis kan tysk opne dører, for eksempel i arbeidslivet eller på reiser? I kva yrke eller situasjonar kan det vere spesielt nyttig å kunne tysk?
F: Tysk i internasjonal samanheng
Welche Rolle spielt Deutsch heute in der Welt? Warum ist es wichtig, mehr Fremdsprachen als (nur) Englisch zu sprechen? Welche Sprachen sprichst du?
Kva rolle speler tysk språk i verda i dag? Kvifor er det viktig å snakke fleire framandspråk enn (berre) engelsk? Kva språk snakkar du?
G: Ungdom og fritid
Was machen Jugendliche heute gemeinsam in ihrer Freizeit? Bleiben du und deine Freunde lieber zu Hause, oder geht ihr zusammen aus? Was, glaubst du, machen Jugendliche in den deutschsprachigen Ländern in ihrer Freizeit?
Kva gjer ungdommar saman på fritida si i dag? Møtest du og vennene dine helst heime, eller går de ut saman? Kva trur du ungdom i tysktalande land gjer på fritida?
H: Er du ein dyrevenn?
Man sagt, der Hund ist der beste Freund des Menschen. Magst du Tiere? Hast du ein Haustier, oder hattest du mal eines? Welche Bedeutung haben Tiere für uns Menschen?
Hunden blir kalla mennesket sin beste venn. Liker du dyr? Har du eit kjæledyr, eller har du ein gong hatt eit kjæledyr? Kva betyr dyr for oss menneske?
Thema 2: Lebensart und gesellschaftliche Verhältnisse früher und heute
Korleis er levesett og samfunnsforhold i tysktalande land? Kva veit du om historia til dei tysktalande landa? Her kan du til dømes snakke om tradisjonar, familieforhold, skule, minoritetar, konfliktar, ulikskapar i samfunnet og historiske hendingar, og du kan samanlikne med norske forhold.
A: Samanlikning av skulesystem
Wie ist das Schulsystem in einem oder mehreren deutschsprachigen Ländern? Vergleiche mit Norwegen.
Korleis er skulesystemet i eitt eller fleire tysktalande land? Samanlikn med Noreg.
B: Det delte Tyskland
Wann, wie und warum wurde Deutschland geteilt? Wie war das Leben in der DDR und in der BRD? Welche Auswirkungen hat die Teilung heute noch auf die Bevölkerung?
Når, korleis og kvifor blei Tyskland delt? Korleis var livet i DDR og BRD? Kva konsekvensar har delinga for innbyggarane den dag i dag?
C: Arbeidsinnvandring
Was sind Gastarbeiter? Wann und warum kamen Gastarbeiter nach Deutschland? Wie viele Gastarbeiter kamen, und aus welchen Ländern kamen sie? Wie ist ihre Situation heute?
Kva er gjestearbeidarar? Når og kvifor kom det gjestearbeidarar til Tyskland? Kor mange var det som kom, og kva land kom dei frå? Korleis er situasjonen deira i dag?
D: Det fleirkulturelle Tyskland
Heute ist Deutschland ein multikulturelles Land. Wie viele Einwanderer leben hier? Woher kommen sie? Kennst du eine bekannte Person aus Deutschland mit Migrationshintergrund? Ist es ein Vorteil oder eine Herausforderung, in mehreren Kulturen aufzuwachsen? In welchen Kulturen fühlst du dich zu Hause?
I dag er Tyskland eit fleirkulturelt land. Kor mange innvandrarar bur det her? Kvar kjem dei frå? Kjenner du ein kjent person frå Tyskland som har innvandrarbakgrunn? Er det ein fordel eller ei utfordring å vekse opp i fleire kulturar? Kva kulturar kjenner du deg heime i?
E: Rolla til familien
Wie ist das Familienleben in Norwegen? Gibt es Unterschiede zu den deutschsprachigen Ländern? Welche Rolle spielt die Großfamilie in den Kulturen, die du kennst?
Korleis er familielivet i Noreg? Finst det forskjellar til familielivet i dei tyskspråklege landa? Kva rolle speler storfamilien i kulturane du kjenner til?
F: Sosiale utfordringar
Welche sozialen und/oder gesellschaftlichen Herausforderungen gibt es in den deutschsprachigen Ländern? Was sind die Ursachen für diese Probleme, und wie kann man sie lösen?
Kva for nokre sosiale og/eller samfunnsmessige utfordringar finst det i dei tysktalande landa i dag? Kva er årsakene til desse problema, og korleis kan problema løysast?
G: Eine bekannte lebende oder historische Person
Präsentiere eine bekannte oder historische Person aus einem deutschsprachigen Land. Wofür ist er/sie bekannt? Was findest du an dieser Person besonders interessant?
Presenter ein kjend eller historisk person frå eit tysktalande land. Kva er hen kjend for? Kva synest du er spesielt interessant ved denne personen?
H: Ein film som går føre seg i eit tysktalande land
Erzähle von einem Film, der in einem deutschsprachigen Land spielt. Was kann man durch den Film über dieses Land lernen?
Presenter ein film der handlinga går føre seg i eit tysktalande land. Kva kan ein lære om landet ved å sjå filmen?
I: Ungdommars stemme i offentlegheita
In Norwegen haben wir Meinungsfreiheit. Wie nutzen Jugendliche diese Freiheit in der Öffentlichkeit? Hört man auf die Jugendlichen? Wie ist es in den deutschsprachigen Ländern?
I Noreg har vi ytringsfridom. Korleis bruker ungdommar denne fridommen i det offentlege rommet? Lyttar ein til ungdommane? Korleis er det i dei tysktalande landa?
J: Eit godt liv
Was bedeutet gute Lebensqualität? Was ist deiner Meinung nach am wichtigsten für ein gutes Leben? Was kannst du tun, damit du ein gutes Leben bekommst?
Kva vil det seie å ha god livskvalitet? Kva er etter ditt syn viktigast for eit godt liv? Kva kan du gjere for å få eit godt liv?
K: Andre verdskrigen
Was weißt du über den Zweiten Weltkrieg? Wann und wie begann und endete er? Was geschah während des Krieges? Welchen Nachwirkungen hat der Krieg noch immer auf die deutsche Gesellschaft?
Kva veit du om andre verdskrigen? Når og kvifor starta og slutta han? Kva skjedde under krigen? Kva etterverknader har krigen framleis på det tyske samfunnet?
Thema 3: Kulturelle Ausdrucksformen in den deutschsprachigen Ländern
Kultur kan uttrykkast på mange ulike måtar. Her kan du til dømes snakke om musikk, tradisjonar, høgtider, mat, idrett, film og kunst. Korleis er kulturen i dei tysktalande landa? Kva er likt, og kva er ulikt, samanlikna med Noreg?
A: Tradisjonelle høgtider
Wie feiert man z.B. Weihnachten, Silvester, Karneval, Ostern oder Allerheiligen in einem oder mehreren deutschsprachigen Ländern? Was ist gleich oder ähnlich wie in Norwegen? Was ist anders?
Korleis feirar ein til dømes jul, nyttårsaftan, karneval, påske eller allehelgensdag i eitt eller fleire tyskspråklege land? Kva er likt eller liknar på feiringa i Noreg? Kva er annleis?
B: Ein tradisjon eller ei høgtid du synest er spesielt interessant
Welches Fest oder welche Tradition aus den deutschsprachigen Ländern findest du besonders interessant, und warum? Was ist der Hintergrund dieser Tradition / dieses Festes? Gibt es dieses Fest / diese Tradition auch in Norwegen?
Kva høgtid eller tradisjon frå dei tysktalande landa synest du er spesielt interessant, og kvifor? Kva er bakgrunnen for denne tradisjonen / denne høgtida? Finst denne høgtida / denne tradisjonen òg i Noreg?
C: Nasjonaldagsfeiring
Wie feiert man den Nationalfeiertag in einem oder mehreren deutschsprachigen Ländern? Vergleiche mit Norwegen.
Korleis feirar ein nasjonaldagen i eitt eller fleire tysktalande land? Samanlikn med Noreg.
D: Ein tyskspråkleg kunstnar
Präsentiere einen deutschsprachigen Künstler. Warum hast du gerade diese Person gewählt? Was für eine Rolle spielt er/sie im Kunstleben? Wie kann man seinen/ihren Stil beschreiben?
Presenter ein tyskspråkleg kunstnar. Kvifor har du valt nettopp denne personen? Kva rolle speler hen i kunstlivet? Korleis kan du beskrive hens stil?
E: Eit kunstverk frå eit tyskspråkleg land
Präsentiere ein Kunstwerk aus einem deutschsprachigen Land. Was zeigt das Kunstwerk? Wer hat es geschaffen? Zu welcher Stilrichtung gehört es? Was ist typisch für diese Stilrichtung?
Presenter eit kunstverk frå eit tysktalande land. Kva viser verket? Kven har skapt det? Kva stilretning høyrer det til? Kva er typisk for denne stilretninga?
F: Ein tyskspråkleg film
Hast du einen deutschsprachigen Film gesehen? Wovon handelt er? Welche Themen greift er auf? Was können wir durch Filme über ein Land lernen?
Har du sett ein tysktalande film? Kva handlar han om? Kva tema tek han opp? Kva kan vi lære om eit land ved å sjå filmar?
G: Musikk
Welche Rolle spielt Musik (klassisch, Pop, Rock, Volksmusik usw.) in einem oder mehreren deutschsprachigen Ländern? Kennst du einen Sänger / eine Sängerin, oder eine Gruppe/Band? Wovon handeln die Lieder? Oder kennst du vielleicht klassische Komponisten aus Deutschland oder Österreich?
Kva rolle speler musikk (klassisk, pop, rock, folkemusikk osb.) i eitt eller fleire tysktalande land? Kjenner du til ein songar eller eit band? Kva handlar songane om? Eller kjenner du kanskje til nokre klassiske komponistar frå Tyskland eller Austerrike?
H: Rolla til idretten
Welche Rolle spielt der Sport im Leben der Menschen in den deutschsprachigen Ländern? Sind die Deutschen, Österreicher und Schweizer sportlich? Welche Sportarten sind besonders beliebt? Kennst du einen oder mehrere Spitzensportler aus den deutschsprachigen Ländern?
Vergleiche auch mit Norwegen.Kva rolle speler idretten i livet til menneska i dei tysktalande landa? Er tyskarane, austerrikarane og sveitsarane spreke og aktive? Kva sportsgreiner er spesielt populære? Kjenner du ein eller fleire toppidrettsutøvarar frå dei tysktalande landa? Samanlikn òg med Noreg.
I: Mattradisjonar og matvanar
Welche Essensgewohnheiten haben die Menschen in den deutschsprachigen Ländern und die Norweger gemeinsam? Welche Unterschiede gibt es? Kennst du einige typische Gerichte aus den deutschsprachigen Ländern? Kannst du sie beschreiben?
Kva matvanar har folk i dei tysktalande landa felles med nordmennene? Kva forskjellar finst det? Kjenner du til nokre typiske retter frå dei tysktalande landa? Kan du beskrive dei?
Thema 4: Demokratie und aktive Bürgerschaft
Korleis kan kvar enkelt av oss bidra til eit betre samfunn? Kva saker berører deg, og kva brenn du for? Her kan du til dømes snakke om miljø, psykisk helse, frivillig eller sosialt arbeid, konfliktar og humanitære prosjekt.
A: Hjartesakene dine
Wofür engagierst du dich gesellschaftlich und/oder sozial? Was machst du ganz konkret? Warum ist dir das wichtig?
Kva engasjerer du deg for i samfunnet og/eller sosialt? Kva gjer du heilt konkret? Kvifor er dette viktig for deg?
B: Ein kjend person som engasjerer seg eller har engasjert seg for ei god sak
Kennst du eine bekannte Person aus einem deutschsprachigen Land, die sich für eine gute Sache einsetzt oder eingesetzt hat? Wer ist er/sie? Was macht er/sie, bzw. was hat er/sie gemacht?
Kjenner du til ein berømd person frå eit tysktalande land som engasjerer seg, eller har engasjert seg, for ei god sak? Kven er denne personen? Kva gjer hen, resp. kva har hen gjort?
C: Humanitære hjelpeorganisasjonar
Kennst du Hilfsorganisationen, die in Deutschland, Österreich oder in der Schweiz gegründet worden sind? Was machen sie, um anderen zu helfen? Würdest du gern in einer Hilfsorganisation arbeiten? Was für Aufgaben würden dich interessieren?
Kjenner du til hjelpeorganisasjonar som har blitt grunnlagde i Tyskland, Austerrike eller Sveits? Kva gjer dei for å hjelpe andre? Kunne du tenkt deg å jobbe for ein hjelpeorganisasjon? Kva slags oppgåver ville du vore interessert i?
D: Stress og livsmeistring
Viele Jugendliche fühlen sich gestresst und unter Druck. Welche negativen Auswirkungen haben Stress und Druck auf Körper und Psyche? Was können junge Leute tun, um Stress zu reduzieren und das Leben besser zu meistern?
Mange unge kjenner seg stressa og opplever press. Kva for negative verknader har stress og press på kropp og psyke? Kva kan unge menneske gjere for redusere stress og meistre livet betre?
E: Eit sunt og godt liv
Was kann man tun, um gesund zu bleiben und erfüllt zu leben? Was tust du persönlich?
Kva kan ein gjere for å halde seg frisk og leve eit meiningsfullt liv? Kva gjer du personleg?
F: Eit inkluderande samfunn
Wie können wir eine freundlichere und inklusivere Gesellschaft erschaffen, zum Beispiel für Einwanderer, Personen aus der LGBT-Community oder Menschen mit Behinderungen. Kannst auch du etwas tun?
Korleis kan vi skape eit vennlegare og meir inkluderande samfunn, til dømes for innvandrarar, lhbt+-personar eller personar med funksjonsnedsetjingar? Kan du gjere noko, du òg?
G: Miljøvern og berekraft
Was können wir tun, um die Umwelt zu schützen? Wie lebt man so nachhaltig wie möglich? Was machst du?
Kva kan vi gjere for å verne miljøet? Korleis lever ein så berekraftig som mogleg? Kva gjer du?
H: Frivilligheit
Was ist Freiwilligenarbeit? Was kan man als Freiwillige(r) tun? Hast du schon einmal als Freiwillige(r) gearbeitet? Was hast du gemacht?
Kva er frivillig arbeid? Kva kan du gjere som frivillig? Har du nokon gong arbeidd som frivillig? Kvifor? Kva gjorde du?
I: Politisk og sosialt engasjement
Wie können wir aktiv an der Gesellschaft teilnehmen und unsere Meinung sagen? Engagierst du dich politisch oder sozial? Was machst du, und warum?
Korleis kan vi delta aktivt i samfunnet og seie kva vi meiner? Engasjerer du deg politisk eller sosialt? Kva gjer du, og kvifor?
J: Dyrevern
Was ist Tierschutz, und warum ist er wichtig? Was können wir tun, damit Tiere gut behandelt werden? Kennst du eine oder mehrere Organisationen, die sich für Tiere einsetzen? Was machen sie?
Kva er dyrevern, og kvifor er det viktig? Kva kan vi gjere for at dyr skal bli godt behandla? Kjenner du til ein eller fleire organisasjonar som kjempar for at dyr skal ha det bra. Kva gjer dei?
K: Framtidsdraumar
Was ist dein größter Traum? Welche Hoffnungen und Wünsche hast du für deine Zukunft?
Kva er den største draumen din? Kva håper og ønsker du for framtida?