Spørjepronomen i dativ - Tysk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Spørjepronomen i dativ

Denne øvingssekvensen er litt meir krevjande. Vi føreset her at du meistrar nominativ- og akkusativformene av spørjepronomena wer og was, og du må kanskje slå opp nokre ord. Men til gjengjeld vil du lære mykje!

Bøying

Pronomen er ein ordklasse som har bøying. Spørjepronomenet wer får dei same endingane som den bestemte artikkelen der (hankjønnsform).

Spørjepronomenet was får dei same endingane som den bestemte artikkelen das (inkjekjønnsform). Was har ikkje noka dativform fordi dativobjektet så godt som alltid er ein person. Med was spør vi om ting, ikkje om personar.

Øving 1: Bøying av spørjepronomen

  1. Akkusativforma av den bestemte artikkelen der er den, og dativforma er dem. Kva er då nominativ, akkusativ og dativ av spørjepronomenet wer?

  2. Spørjepronomenet was får dei same bøyingsendingane som den bestemte artikkelen das. Das har same form i nominativ og akkusativ. Kva er då nominativ- og akkusativforma av spørjeordet was?

Svar

  • Nominativ: wer, akkusativ: wen, dativ: wem

  • Nominativ: was, akkusativ: was

Kva spør vi etter?

Vi bruker spørjepronomen for å spørje etter subjekt, direkte objekt eller indirekte objekt i setninga.

Subjekt

Vi bruker nominativformene wer og was for å spørje etter subjektet:

  • Linn kauft eine Lampe. Wer kauft eine Lampe?

  • Unser Sommerhaus liegt am Bodensee. Was liegt am Bodensee?

Direkte objekt

I tysk står det direkte objektet i akkusativ. Derfor må vi bruke akkusativformene wen og was når vi spør etter det direkte objektet:

  • Mustafa trifft heute einen Freund. Wen trifft Mustafa heute?

  • Linn kauft eine Lampe. Was kauft Linn?

Indirekte objekt

Det indirekte objektet er ein person eller eit levande vesen og har rolla som mottakar. Dativforma av spørjepronomenet wer er wem. Eksempel:

  • Ich meinem Vater eine SMS. schicke ich eine SMS?

  • Die Chefin gibt mir einen . Wem gibt die Chefin einen Auftrag?

Øving 2: Setningsanalyse

  1. Analyser setningane.

  2. Sett dei om til norsk.

Norsk omsetting av setningane

  1. Wem schenkst du den Ring? Kven gir du ringen i gåve?

  2. Was schenkt ihr eurer Mutter zum Muttertag? Kva gir de mora dykkar i gåve på morsdagen?

  3. Wen besuchst du heute? Kven besøker du i dag?

  4. Wer schenkt ihm das Fahrrad? Kven gir han sykkelen i gåve?

  5. Was läuft jetzt im Kino? Kva går på kino akkurat no?

Øving 3: Vel rett spørjeord

Øving 4: Spør etter dativobjektet

Nokre verb tar ikke objekt i akkusativ, men i dativ. Du har sikkert vore borti fleire av dei allereie. Øv på å spørje etter dativobjektet!

Øving 5: Still spørsmål

No skal du spørje etter subjekt, direkte objekt og indirekte objekt i ei setning. Hugs: Etter spørjeordet wer står verbet i tredje person eintal (erklärt, verspricht osv.).

Kjapt oppsummert

Du har no lese om personleg pronomen i dativ og repetert ein del annan grammatikk. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva er akkusativforma og dativforma av spørjepronomenet wer?

  2. Kva er akkusativforma av spørjepronomenet was?

  3. Kva form av verbet tar pronomenet wer?

  4. Kva setningsledd spør vi etter når vi spør: Wem ...?

  5. Kva har verba gefallen, passen, glauben, helfen, gratulieren, antworten, danken, zuhören, zustimmen og gehören til felles?

  6. Nokre verb tar både eit direkte objekt og eit indirekte objekt. Kva kasus får det direkte objektet, og kva kasus får det indirekte objektet?

  7. Nemn to ting som særmerker det indirekte objektet.

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2024