Ubestemt pronomen man - Tysk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Ubestemt pronomen man

På denne sida lærer du korleis du bruker det ubestemte pronomenet man i tysk. Du får samtidig øvd på setningar med verba müssen (å måtte), können (å kunne) og dürfen (ha eller få lov til). Slike øvingar hjelper deg å få betre flyt når du snakkar. Jobb gjerne saman med ein medelev!

Ubestemt pronomen man i norsk

Av og til snakkar vi ikkje berre for oss sjølve, men uttaler oss på vegner av mange eller alle – vi uttrykker oss generelt.

I bokmål kan vi bruke det ubestemte pronomenet man når vi skal snakke generelt om noko:

  • Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre som man vil. ()

  • Dette gjør man da ikke!

Meir om generell uttrykksmåte i norsk

I nynorsk bruker vi ikkje pronomenet man. Men i både nynorsk og bokmål har vi fleire andre måtar å uttrykke oss generelt på.

Ein

Vi kan til dømes bruke bestemmarordet ein:

  • Det ein ikkje veit, har ein ikkje vondt av.

Du/vi/dei

Ofte bruker vi også vi, du eller dei i generell tyding:

  • Vi veit ikkje kvifor studentar søv dårleg. Men vi veit at dei gjer det.

  • Skal du lage lapskaus, treng du oksekjøtt, potetar og gulrøter.

  • Korleis feirer dei nyttårsaften i Tyskland?

Ubestemt pronomen man i tysk

Det ubestemte pronomenet man blir brukt på same måten i tysk som i norsk bokmål:

  • Wie grüßt man in Deutschland? Hvordan hilser man i Tyskland?

  • Man sagt: "Guten Tag!" Man sier: "Guten Tag!"

Bruk

I tysk bruker vi man oftare enn i norsk. Tysktalande oppfattar nemleg ikkje pronomenet ein som like upersonleg og formell som norsktalande gjer.

Man kan berre brukast som subjekt i setninga. Etter man står verbet i tredje person eintal:

  • In Bayern sagt man: "Grüß Gott!"

  • In Norwegen isst man Braunkäse.

Øving 1: Generelle spørsmål

Jobb gjerne i par! A les spørsmålet og set om til norsk, B gjer om til eit spørsmål med man.

Øving 2: Dette er forbode!

Øving 3: Was kann man hier tun?

Jobb gjerne i par! A les spørsmålet og set det om til norsk, B lagar den tyske svarsetninga.

Øving 4: Ordtak og faste uttrykk

Nedanfor finn du ei rekke setningar med tyske ordtak og uttrykk. Felles for alle setningane er at subjektet er pronomenet man. Sett om setningane til norsk, og forklar kva dei betyr.

  1. Mit Speck fängt man Mäuse.

  2. Man tut, was man kann.

  3. Zusammen ist man stark.

  4. Glück muss man haben.

  5. Man lernt nie aus.

  6. Man soll den Tag nicht vor dem Abend loben.

  7. Es gibt nichts Gutes, außer man tut es.

  8. Wie man sich bettet, so liegt man.

  9. Man muss die Feste feiern, wie sie fallen.

  10. Was man nicht im Kopf hat, muss man in den Beinen haben.

Kjapt oppsummert

Du har no lese om pronomenet man og løyst oppgåver. Dette bør du kunne svare på no:

  1. På kva språk bruker vi ordet man mest – norsk eller tysk?

  2. Kva for eit ledd i setninga kan pronomenet man vere?

  3. Kva form av verbet tar pronomenet man?

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2024