Personleg pronomen i akkusativ

Personleg pronomen
Oppgåvene på denne sida føreset at du har lært om personleg pronomen i nominativ. Vil du sjekke om du har basiskunnskapen inne? Les samandraget nedanfor og gjer oppgåve 1.
Viss du kjenner deg trygg på dei personlege pronomena i nominativ, kan du gå rett på delen om kasus nedanfor.
Øving 1: Kunnskapssjekk
Ta ein rask repetisjon av dei personlege pronomena i nominativ (subjektsform).
Kasus
Personlege pronomen har kasusbøying. Med det meiner vi at dei har ulike former som viser om dei er subjekt eller objekt i setninga.
Kasusen til subjektet (og predikativet) kallar vi nominativ. Det er denne forma vi finn når vi slår opp eit substantiv eller pronomen i ei ordbok.
Kasusen til det direkte objektet kallar vi akkusativ. Det er denne forma du lærer om no. I tillegg får du repetert nominativforma.
Øving 2: Kasus
Sett om dei to eksempelsetningane nedanfor til norsk og engelsk.
Analyser dei: Finn subjekt, verbal og direkte objekt.
Forklar: Har norsk og engelsk også kasusbøying av personleg pronomen?
Eksempelsetningar
Ich liebe dich.
Du liebst mich.
Øving 3: Nominativ og akkusativ
Ni raske interaktive øvingar!
Øving 4: Akkusativ etter preposisjon
Preposisjonane durch, für, gegen, ohne og um tar akkusativ. Derfor må pronomenet få akkusativform når det står etter desse preposisjonane.
Jobb i par.
A leser setninga høgt og set ho om til norsk.
B gjer om den tyske setninga slik som i eksempelet.
Kjapt samanfatta
Du har no lært om personleg pronomen i akkusativ. Dette bør du kunne svare på no:
Kva er eit personleg pronomen?
Kva er nominativ og akkusativ?
Nemn akkusativformene til desse tyske pronomena: ich, du, er, sie (ho), es, wir, ihr, sie (dei).
Nemn nominativ og akkusativ av det tyske høflege pronomenet.
Repetisjon
Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.