Lærarrettleiing - Tysk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Lærarrettleiing

Lærarrettleiing til undervisningsopplegget "Unsere Mütter, unsere Väter"

Krigens unge hjarte

I dette filmopplegget tar vi for oss den tyske TV-serien "Unsere Mütter, unsere Väter", eller "Krigens unge hjarte", som han heiter på norsk. Opplegget er knytta til tre korte filmklipp, men ein kan sjølvsagt også velje å sjå nokre episodar eller heile serien. Alle episodane er tilgjengelege på NDLA film. "Krigens unge hjarte" fortel ei historie om andre verdskrigen frå eit tysk perspektiv: Fem venner held avskilsfest i Berlin i 1941. Dei avtaler at dei skal møtest att til jul. For krigen varer vel neppe lenger enn det?

Undervisningsopplegget

Undervisningsopplegget "Unsere Mütter, unsere Väter" består av desse sidene:

  1. Kahoot! eller quiz på papir

  2. Kurzinfo zur Fernsehserie

  3. Nokre historiske fakta (norsk og tysk versjon)

  4. Das Leben vor dem Krieg
  5. Filmausschnitt 1: (aus Episode 1)
  6. Deutscher – und Jude
  7. Handlung Episode 1–3
  8. Filmausschnitt 2: (aus Episode 3)
  9. Handlung Episode 4–6
  10. Wortschatz üben!
  11. Filmausschnitt 3: (aus Episode 6)

Enkel kahoot-quiz der elevane testar kunnskapane sine om andre verdskrigen. Læreran viser quizen frå prosjektor i klasserommet, og elevane svarer på kahoot.it. Kahooten finst i bokmålsversjon og tysk versjon. Quizen kan godt takast først på norsk, så på tysk.

Som eit alternativ kan quizen gjennomførast på meir tradisjonelt vis. Her finst nedlastbare versjonar av quizen på både tysk og bokmål/nynorsk og fasit.

Innleiing til serien og undervisningsopplegget.

Elevane jobbar med teksten og gjer oppgåver. Teksten og oppgåvane skal gje eleven noe innsikt i kva som skjedde i Tyskland på denne tida. Teksten finst også på tysk.

Fiktiv biografi om ein tysk familie i første halvdel av 1900-talet. Teksten gir eit innblikk i det tyske samfunnet på den tida. I oppgåva "Vor dem Lesen" diskuterer elevane på norsk og/eller tysk, avhengig av fagleg nivå. I oppgåva "Nach dem Lesen" finn dei og noterer informasjon frå teksten.

Elevar på nivå 3 og andre interesserte elevar kan også lese ein lengre versjon av denne teksten, Ein anderes Leben. Det finst ei gloseliste til denne versjonen: Vokabeln "Ein anderes Leben". Forslag til arbeid med teksten: Del elevane inn i par eller små grupper og la dei omsette eitt eller fleire avsnitt kvar. Deretter omset gruppene teksten avsnitt for avsnitt høgt i klassen.

Filmforståing (sjå, lytte og lese)

Filmklipp frå episode 1, opningsscenen. Forslag til framgangsmåte: Vis klippet først utan norsk tekst. Elevane skal fokusere på det dei forstår (hovudinnhald) og svare på nokre enkle spørsmål (Aufgabe 1). Svara blir gjennomgåtte i klassen. Så viser du klippet på nytt, denne gongen med norsk tekst. Elevane prøver no å få med seg mest mogleg informasjon (detaljar) og svarer så på fleire spørsmål (Aufgabe 2). På nytt gjennomgår de svara i klassen. Deretter jobbar elevane vidare med den transkriberte teksten frå klippet (Aufgabe 3, Aufgabe 4). Etter å ha jobba med teksten skal elevane forstå innhaldet i klippet godt.

Refleksjon over eiga læring

Det kan vere lurt å spele klippet ein gong til etter at elevane er ferdige med oppgåvene 1–4, utan norsk tekst (kanskje også utan bilde), og la elevane vurdere eigen framgang. Kor mykje forsto dei første gongen dei lytta? Kor mykje meir forstår dei no, etter å ha jobba med klippet?

Vel ein person

Kvar elev skal velje seg ut éin av dei fem personane i serien og grunngi valet munnleg (Aufgabe 5). For det vidare arbeidet (filmklipp 3) er det likevel viktig at personane blir fordelte jamt på elevane i klassen. Alle må derfor oppgi første-, andre- og gjerne tredjevalet sitt, slik at læraren kan sørge for ei jamn fordeling. Skriveoppgåva (Aufgabe 6) skal skape forventning knytta til personen ein har valt og utvide det aktive tematiske ordtilfanget til eleven.

Språklæring

Dei munnlege glose- og grammatikkoppgåvene på slutten skal auke ordtilfanget til elevane.

Her blir jødane sin situasjon i det nazistiske Tyskland belyst, med utgangspunkt i lagnaden til Viktor Goldstein. Oppgåvene skal gi elevane noko innsikt i kva som skjedde med jødane i Tyskland på denne tida. Kunne ein hjelpe jødane? Korleis? Kva for konsekvensar kunne det ha?

Tilleggsstoff: Antisemitismus

Innføring i temaet antisemittisme. Viktor, ein av dei fem hovudpersonane, er jøde. Teksten, bilda og oppgåvene skal formidle noko kunnskap om jødane sin situasjon i Europa i eit historisk perspektiv.

Etter at temaet er gjennomgått, kan elevane ta faktatesten "Antisemitismus" og gjere "Schreibaufgaben Antisemitismus" på siste side i læringssekvensen. Testen, skriveoppgåvene og løysingsforslag til skriveoppgåvene finst her:

Elevar på nivå 3 og andre interesserte elevar kan også lese ein meir omfattande versjon av teksten: Antisemitismus in Europa.

Samandrag av handlinga i dei tre første episodane. Elevane les om kva som skjer med dei ulike personane og omset munnleg for kvarandre. Deretter gjer dei oppgåver som testar tekstforståing og trenar ordtilfang.

Filmforståing

Filmklipp frå episode 3. Vis klippet først utan norsk tekst. Elevane fokuserer på det dei forstår og svarer på spørsmål på norsk (Aufgabe 1). Svara gjennomgår de i klassen. Så får elevane sjå klippet med norsk tekst og gjer ei fleirvalsoppgåve på tysk (Aufgabe 2).

Handlingsgangen

Inhaltsangabe (Aufgabe 3). Ved hjelp av ferdigproduserte nøkkelsetningar lagar elevane ein samanhengande tekst som beskriv handlingsgangen i klippet. Elevane kan sjå klippet så mange gonger dei ønsker mens dei jobbar med oppgåva.

Refleksjonsoppgåver

Elevane diskuterer på tysk og/eller norsk, avhengig av fagleg nivå (Aufgabe 4). Deretter omset og diskuterer dei nokre eksistensielle spørsmål som serien kjem inn på. Til slutt jobbar elevane med oppgåver som trenar ordtilfang og grammatikk.

Samandrag av handlinga i dei tre siste episodane. Elevane les kva som skjer vidare med dei ulike personane og omset munnleg for kvarandre. Deretter gjer dei oppgåver som testar leseforståing og trenar ordtilfang og grammatikk.

På denne sida finn elevane ei lenke til eit nedlastbart dokument med ca. 50 temagloser. På same side finst det også eit sett med interaktive oppgåver som skal hjelpe elevane å øve inn glosene.

Arbeidet med temaglosene skal gjere det enklare for elevane å løyse oppgåvene knytta til det siste filmavsnittet (ein lengre forteljande skriftleg tekst og eit manus til ei dramatisering).

Filmforståing

Filmklipp frå episode 6, sluttscenen. Vis klippet utan norsk tekst. Det kan vere lurt å stille nokre kontrollspørsmål for å sjekke kva elevane har forstått, før ein viser klippet på nytt, eventuelt med norsk tekst.

Diskusjonsoppgåve (Aufgabe 1)

Korleis går livet vidare for dei overlevande? Elevane jobbar i grupper og diskuterer spørsmåla. Alle skriv stikkord på tysk. Etterpå presenterer og samanliknar gruppene svara sine. Elevane skal no kunne uttrykke meininga si om kva som skjer vidare med ein eller fleire av personane.

Skriveoppgåve (Aufgabe 2)

Kvar elev skriv ein tekst i eg-form om personen han/ho har valt. Her må elevane bruke både presens- og preteritumsform. Vi foreslår at teksten er ei innlevering med karakter.

Rollespel (Aufgabe 3)

I klipp 3, som er siste scene, blir det sagt svært lite. Det passar derfor fint å la elevane sjølv lage replikkar til denne scenen. Tidsramme for rollespelet er fem til ti minutt per gruppe. Kvar elev snakker i eitt til to minutt.

Gruppene

Elevane blir delte inn i grupper på fem. Dersom nokre grupper har færre enn fem deltakarar, kan til dømes Wilhelm, Charlie eller Viktor seie noko om korleis det har gått med Greta og/eller Friedhelm. Elevane må elles finne på kreative løysingar med tanke på å få dei døde (Greta og Friedhelm) i tale. Men i rollespel er det meste mogleg!

Manusskriving

Gruppemedlemmene kan bruke innhald frå tekstane dei har skrive når dei skal lage eit felles manus. Det kan vere nyttig for elevane å bruke eit samskrivingsverktøy når dei skal utarbeide manuset. Programma "samskrive.ndla.no" og "Google Docs" er gode verktøy for samskriving og prosessorientert skriving.

Kvar elev er ansvarleg for å skrive eigne replikkar, men gruppemedlemmene kan og bør hjelpe kvarandre med språk og innhald. Replikkane skal skrivast på tysk. Eventuelle scenetilvisingar kan skrivast på norsk.

Innøving

Når manuset er ferdig, gjennomfører gruppa ei eller fleire leseprøver. Gruppa planlegg også korleis scenen skal sjå ut og trenar på framføringa. Alle lærer eigne replikkar utanåt og tar med eventuelle kostyme og rekvisittar.

Framføring og vurdering

Den munnlege prestasjonen i rollespelet kan til dømes brukast til å justere karakteren på den skriftlege oppgåva (Aufgabe 2). Vi foreslår at elevane kan gå opp inntil ein heil karakter frå individuell, skriftleg tekst, men at dei ikkje kan gå ned i karakter på grunn av den munnlege prestasjonen. Dette gjer framføringa mindre skremmande og meir lystbetont. Rollespel skal vere gøy og lærerikt!

Forslag til vurderingsskjema finst her.

Monolog (Aufgabe 4)

Denne oppgåva er eit alternativ til oppgåve tre. Elevane jobbar individuelt og bruker tekstane dei har skrive i Aufgabe 2 som utgangspunkt for eit manus til ein monolog. Monologen skal vere 1–2 minutt lang. Elevane lærer monologen utanåt, øver på framføringa og tar med eventuelle rekvisittar.

Monologen kan vurderast på same måte som rollespelet, og same vurderingsskjema kan brukast.

Lekser undervegs – forslag

Obligatorisk: gloser til avsnittet som er gjennomgått på skulen.

Frivillig: sjå serien heime, gjerne ein til to episodar om gongen.

Elles er det viktig å påpeike for elevane at repetisjon er både nyttig og nødvendig – dei bør gå gjennom læringssekvensane iallfall éin gong til etter gjennomgangen i timen.

Skrive av Anna Maria Holvik, Doris Kapstad Etnan og Carin Margrethe Samnøy.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2023