Übungen: Klamotten für jedes Wetter
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Es gibt kein schlechtes Wetter!".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg artiklane som høyrer til substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set ho om til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No set de om dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt og B set om. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.
3. Vêrmelding
Lytt til vêrmeldinga og svar på spørsmåla. Vêrmeldinga inneheld mykje informasjon, men for å løyse oppgåva treng du berre å forstå typen vêr (sol, overskya, regn osv.).
Wie wird das Wetter im Norden?
Wie wird das Wetter im Westen?
Und im Osten?
Wie wird das Wetter im Süden?
Høyr vêrmeldinga på nytt og noter makstemperatur på dagen (= Höchstwert).
Im Norden liegen die Höchstwerte bei ... Grad.
Im Westen liegen die Temperaturen zwischen ... und ... Grad.
Im Osten liegen die Temperaturen bei ...
Im Süden gibt es Temperaturen von ... bis ... Grad.
Korleis blir vêret? Sjå på biletet nedanfor og flytt vêrsymbol og temperatur til rett stad. Alternativ: Meld draumevêret ditt!
Die Wettervorhersage für heute: Skriv dagens vêrmelding for staden der du bur. Skriv minst tre setningar, gjerne fire–fem. Nemn til dømes solforhold, skydekke, nedbør, temperatur og vindforhold.
4. Film: Klede og fargar
Sjå filmen med Jonas (0:40) og svar deretter på spørsmål.
Spørsmål
Kva klesplagg nemner Jonas?
Kva er dei tyske namna på klesplagga?
Kva fargar nemner han?
Kva heiter fargane på tysk?
Kva symboliserer fargane på genseren?
5. Klede og vêr
Du skal no lytte til to samtalar om klede og vêr. Fokus på det du forstår, og gjett deg til resten ut frå samanhengen. Sjå på overskrifter og spørsmål før du lyttar – det hjelper deg. Lytt fleire gonger!
Lytteøving 1: Passende Kleidung?
Kvar er Adrian på veg, og kva har han på seg?
Kva bør Adrian ha på seg, ifølge mora?
Kva årstid er det, og korleis er vêret?
Korleis reagerer Adrian på det mora seier?
Kva tenker mora å ha på seg? Kvifor?
Kor ofte har Adrian og mora denne diskusjonen? Kva håper Adrian no?
Lytteøving 2: Passende Kleidung?
Jobb gjerne i par og fortel kvarandre kva de forstår.
Kvar og når møtest far og dotter?
Kva reagerer faren på?
Kva svarer dottera?
Kva årstid er det, og korleis er vêret?
Korleis må far kle seg på jobb?
Far gir seg ikkje. Kva forlanger han? Og korleis reagerer dottera?
6. Snakk tysk på 1–2–3!
Svar skriftleg på spørsmåla. (Noter i stikkordsform eller skriv korte setningar.)
Snakk saman i par. Bruk notata, men ha augekontakt når de snakkar.
Still dykk opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar er det best med fire rekker.)
De to som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par.
Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flyttar den eine rekka seg eit steg til høgre slik at alle får ein ny partnar.
Etter dei to første rundane byter læraren til samtaleskjema 2 slik at de berre ser spørsmåla.
Etter to nye rundar byter læraren til samtaleskjema 3 slik at de berre ser emneorda. No snakkar de heilt fritt!