Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Übungen: Ein Austauschjahr im Ausland

Her jobbar du med oppgåver til emnet "Ein Austauschjahr im Ausland".

1. Vokabeln

Pugg glosene til "Ein Schweizer in Norwegen".

  1. Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).

  2. Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.

  3. Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.

  4. Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!

2. Was sagt Cédric?

Du har blitt kjent med Cédric frå Sveits, som har fortalt om utvekslingsåret sitt i Noreg. No skal du jobbe med eit utdrag av det han seier i filmen.

  • Kva betyr orda du skal plassere? Prøv å forstå dei ut frå dei står i. Sett dei gjerne om saman med ein medelev.

  • Flytt orda på rett plass.

  • Sett om teksten til norsk.

  • Samanlikn omsettinga med fasiten i boksen under.

Übersetzung

  • I Noreg har eg prøvd mykje nytt, frå lekre norske spesialitetar til nye sportsgreiner. Éin sport/idrett liker eg spesielt godt: rulleski! Eg har avtalt ein liten tur med ein venn. Eg tar dykk med no.

  • Utvekslinga i Noreg har vore veldig lærerik. Det viktigaste målet mitt var å kaste meg ut i det ukjente. Eg ville reise til eit land der eg ikkje kjente nokon, og prøve å integrere meg. I starten var det ikkje alltid lett. Men eg lærte språket fort.

  • Utvekslinga har gitt meg eit nytt perspektiv på livet. Eg kjenner no to heilt ulike levemåtar og er lykkeleg/tilfreds med begge (måtane å leve på). I juni drar eg tilbake til Sveits. Då blir fredagstacoen ein tradisjon også i min familie. Og de? Har de kanskje òg fått lyst til å dra på utveksling?

3. Vokabelkarten

  1. Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set ho om til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.

  2. Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No set de om dei norske setningane til tysk! Bruk tipsa om de treng litt hjelp. A les den norske setninga høgt, B set om. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.

4. Recherchiere im Internet

Dei fleste som drar på utveksling eller språkreise, reiser via ein organisasjon. Om du ikkje vil vere borte eit heilt år, er ei kortare språkreise òg ei fin moglegheit til å utfordre deg sjølv, bli meir sjølvstendig og lære meir om språk og kultur. Søk på nettet, og finn svar på spørsmåla nedanfor. Ta notat undervegs.

  1. Kvar kan du reise på utveksling eller språkreise som elev i vidaregåande skule i Noreg? Kva for nokre tysk- og engelsktalande land kan du reise til?

  2. Kva organisasjonar tilbyr utveksling og språkreiser?

  3. Kor lenge varer ei språkreise? Kva lærer ein? Kva kan ein oppleve? Korleis bur ein?

  4. Kor lenge varer eit utvekslingsopphald? Kva kan ein lære og oppleve? Kva slags skule går ein på? Korleis bur ein?

  5. Kva kostar det å dra på språkreise eller utveksling?

  6. Vel ein stad du kunne tenke deg å dra på utveksling eller språkreise til, og grunngi kvifor du vil reise akkurat dit.

Del funna dine med ein medelev, og avslutt gjerne med ei felles oppsummering i klassen. Bruk snakkehjelpa i boksen, og oppsummer på tysk.

5. Diskutiert und argumentiert

Austausch: Vorteile und Nachteile

Was ein Austauschjahr?

Was spricht ?

Man kann ...Man muss ...
Man lernt ...Man vermisst ...
  1. I par: Noter fordelar og ulemper med eit utvekslingsår, som i tabellen ovanfor.

  2. I grupper:

    • Fortel etter tur kva de meiner om utveksling. Nemn ein fordel / ei ulempe kvar, grunngi, og gi gjerne eit døme.

    • Fortel etter tur kven de er einige eller ueinige med, og grunngi kvifor.

    • No er ordet fritt! Kom med nye argument og motargument, og prøv å overtyde kvarandre.

    • Oppsummer gruppediskusjonen i klassen:

      • Wer hat für ein Austauschjahr argumentiert? Wer hat gegen ein Austauschjahr argumentiert?

      • Was spricht für ein Austauschjahr? Was spricht dagegen?

6. Schreibe einen Text zum Thema "Austausch"

Skriv ein kort med tittelen "Austauschjahr? Ja, gern!" eller "Austauschjahr? ". Bruk skrivehjelpa i boksen over, og bygg gjerne opp teksten slik:

  • ei kort innleiing der du

    • startar med å liste kort opp eitt eller to vanlege argument for det motsette standpunktet

    • gjer klar ditt eige standpunkt i saka

  • ein hovuddel du argumenterer for standpunktet ditt: Før opp to–tre argument som støttar opp om synet ditt, utdjup dei og gi døme

  • ein kort slutt der du gir eit råd eller kjem med ei oppfordring

7. Text und Fachgespräch: Austauschjahr im Ausland

Diskuter fordelar og ulemper med å dra på utveksling. (Skriv 250–350 ord.)

  1. Skriv ein tekst med tittelen "Ein Austauschjahr i Ausland". Bruk skrivehjelpa i boksan(e) og ordbok, og pass på at framstillinga er sakleg og balansert. Lever teksten til læraren din, eller bruk ein praterobot for å få tilbakemelding på språkfeil.

  2. Teksten du har skrive, gir deg eit godt grunnlag for å samtale om utveksling. Dette er eit tema du no kan seie mykje om! Førebu deg til ein fagsamtale med læraren din. Øv deg på å svare på desse spørsmåla, og hugs å grunngi svara dine:

    • Ein Austauschjahr im Ausland – was ist deine Meinung dazu?

    • Welche Vorteile hat ein Austausch?

    • Welche Nachteile hat ein Austausch?

    • Kannst du dir vorstellen, einen Austausch zu machen? Warum (nicht)?

    • In welchem Land würdest du am liebsten ein machen?

    • Wie lernt man eine neue Kultur kennen?

Slik kan du starte

  • Ein Schuljahr im Ausland ist eine mutige Entscheidung.

  • Ungefähr ... Schüler machen zur Zeit einen Austausch.

  • Viele einem Austauschjahr.

  • Welche Vorteile hat ein Austausch, und welche Nachteile kann er haben?

Slik kan du avslutte

  • Zusammenfassend kann man sagen, dass ...

  • Alles in allem hat ein Auslandsjahr mehr Vorteile als Nachteile / mehr Nachteile als Vorteile.

  • kommt es darauf an, dass ...

  • Meiner Meinung nach ...

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 27.08.2026