Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Thereses Zimmer

Møt Therese! Ho er Erasmus-student i Wien. Her viser ho fram hybelen sin.

Læringstips

I filmen under (lengde 0:47) viser Therese fram rommet sitt.

  1. Kva slags møblar og inventar kan det vere på eit slikt studentrom? Og kva heiter dei ulike gjenstandane på tysk? Samle ord og uttrykk på tavla, eller noter sjølv.

  2. Sjå filmen. Fokuser på det du forstår, og prøv å forstå ukjente ord ut frå samanhengen.

  3. Snakk saman i par: Kva for møblar har Therese på rommet sitt?

  4. Lytt éin gong til og noter på tysk kva for møblar Therese har på rommet sitt.

  5. Fortel på tysk! Bruk glosene i boksen under filmen.

    • Welche Möbel hat Therese im Zimmer?

    • Sie hat einen/eine/ein ...

Film: Thereses Zimmer (0:47)

Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Vokabeln: Thereses Zimmer

das Zimmer, -
rom
die Tür, -en
dør
die Wand, -*
vegg
der Fußboden
golv
das Fenster, -
vindauge
das Bett, -en
seng
der Tisch, -e
bord
der Schreibtisch, -e
skrivebord
der Schrank, -e*
skap
der Drehstuhl, -e*
svingstol
die Kommode, -n
kommode
die Lampe, -n
lampe
das Regal, -e
hylle
der Sessel, -
lenestol
Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 19.08.2026