Grammatikk: Verb
Kva er verb?
Verb er ord som uttrykker ei handling, ein prosess eller ein tilstand. Eksempel:
Jentene spring. (handling, personane gjer noko)
Brua rustar. (prosess, byggematerialet forandrar seg)
Barnet søv. (tilstand, inga endring)
Øving 1
Kva uttrykker verbet – handling, prosess eller tilstand?
Infinitiv
Grunnforma av verbet kallar vi infinitiv.
Det er denne forma du finn når du slår opp i ordlister og ordbøker.
Framfor infinitiven kan vi setje infinitivmerket å.
Dei fleste norske verba har infinitivform som endar på -e.
Eksempel: å fiske, å ruste, å sove, å sykle
Nokre norske verb har infinitivform som endar på ein annan vokal enn e.
Eksempel: å bu, å dra, å fly, å gå
Infinitiv i tysk
I tysk endar infinitiven på -en (nokre gonger på -n).
Det tyske infinitivmerket heiter zu.
Eksempel: zu heißen, zu kommen, zu sein
Øving 2
Kva for nokre av dei tyske verbformene under kan ikkje vere infinitivar?
Tidsbøying
Både norske og tyske verb har tidsbøying. Det vil seie at verba har ulike former som uttrykker notid, fortid eller framtid. Nokre eksempel:
Han reiser til Hamburg. Er reist nach Hamburg. (notid)
Han har reist til Hamburg. Er ist nach Hamburg gereist. (fortid)
Han kjem til å reise til Hamburg. Er wird nach Hamburg reisen. (framtid)
Øving 3
Kva uttrykker verba – fortid, notid eller framtid?
Presens
Presens er ei tidsform som vi stort sett bruker på same måten i norsk og tysk, nemleg om
noko som skjer her og no
noko som vil skje i framtida
noko som er allmenngyldig og uavhengig av tid
Eksempel
Ich gehe jetzt. Eg går no. (her og no)
Ich komme morgen. Eg kjem i morgon. (framtid)
Ich heiße Carola. Eg heiter Carola. (uavhengig av tid)
Øving 4
Kva uttrykker presensforma? Skjer handlinga no eller i framtida? Eller er det som blir sagt, ikkje knytt til noka bestemt tid?
Personbøying
Tyske verb har både tidsbøying og personbøying. Med personbøying meiner vi at verbet får ei ending som viser kven det er som utfører handlinga. Eksempel:
ich sage
du sagst
Sie sagen
Øving 5
Har vi personbøying i norsk? Og kva med engelsk? Bruk døma nedanfor og prøv å forklare.
Forstå – og pugge!
I leksjon 1 lærer du presensformene du finn i tabellen nedanfor.
Verbet sein (å vere) har heilt uregelmessige former. Dei må du ganske enkelt pugge.
Sjå òg opp for forma du heißt.
Og då er det berre å gå i gang og lære seg formene!
ich | du | Sie |
|---|---|---|
sage | sagst | sagen |
komme | kommst | kommen |
| gehe | gehst | gehen |
| heiße | heißt | heißen |
| bin | bist | sind |

