Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Substantiv

Lær om ordklassen substantiv: Kva er eit substantiv? Kva er forskjellen mellom eigennamn og fellesnamn? Korleis bruker vi stor og liten forbokstav ved substantiv i norsk og tysk?

Kva er substantiv?

  • Substantiv eller namnord er namn på personar, dyr, ting og naturfenomen.

  • Også namn på kjensler og idéar høyrer til denne ordklassen.

  • Eksempel: kyr, vatn, fjell, snø, skyer, vår, ro, fridom


Øving 1

Finn alle substantiva blant orda i lista nedanfor. Vel mellom interaktiv versjon og tekstversjon.

Tekstversjon

Finn substantiva:

kanskje, skrutrekkar, vill, gjere, kjærleik, utan, tankane, ein, etter, raud, arbeidslivet, Alpane, på, stor, kapittelet, Harstad, nøye, jobbe, flaks, rik, fattigdom, atomkjernen, ete, sauer, kvarandre, internett, sta, fiskarane, svømme, kald, vatn, no, annleis, ja, sorg, klokkene, Røros, sov, snart, tøft, hovudverk, trøytt, over, mjauar, leik, krisen

Eigennamn og fellesnamn

  • Substantiv kan vere eigennamn eller fellesnamn.

  • Eigennamn er namn på bestemte personar, dyr, ting, stader osb.

  • Vi skriv eigennamn med stor forbokstav: Anette, Dagros, Stavanger, Galdhøpiggen, Altaelva

  • Fellesnamn er namn vi bruker for å beskrive grupper av menneske, dyr, ting osb.

  • Vi skriv fellesnamn med liten forbokstav: bonde, ku, gras, sommar

  • I staden for eigennamn og fellesnamn kan vi òg seie særnamn og samnamn.

Substantiv i tysk

  • Alle tyske substantiva får stor forbokstav, både eigennamn og fellesnamn.

  • Eksempel: Lisa, Heidelberg, Stadt (by), Kuh (ku), Wolke (sky), Schönheit (skjønnheit)

  • På tysk kallar ein substantiv anten for Substantiv eller for Nomen. (Nomen betyr "namn" på latin, og substantiv er namnord.)

Øving 2

Blant orda nedanfor er det ti substantiv. Finn dei og skriv dei opp. Hugs stor forbokstav når du skriv substantiv på tysk!

abend, oder, name, ich, gut, heißen, du, tag, woher, Sie, deutschland, kommen, danke, und, maria, nicht, österreich, nacht, wie, hallo, wo, morgen, herzlich, das, besserung, es, frau

Øving 3

Finn alle eigennamna i dialogen nedanfor. Vel mellom interaktiv øving og vanleg tekst.

Tekstversjon

Marker alle eigennamna i dialogen:

– Hallo, wie heißt du?

– Ich bin Wang Wei.

– Isa dein Vorname Wang?

– Nein, mein Vorname ist Wei. Wang ist mein Nachname.

– Woher kommst du, Wei?

– Ich komme aus China, aus Beijing.

Sjekk kva du kan om substantiv

  1. Kva slags ord høyrer til ordklassen substantiv? Forklar og bruk desse orda som eksempel: Lisa, Mons, gullfisk, hund, tallerken, mat, Alpane, regn, fridom, kjærleik
  2. Forklar forskjellen mellom eigennamn og fellesnamn. Gi òg eksempel, både tyske og norske.
  3. Kva kallar ein ordklassen substantiv oftast på tysk?
  4. Forklar bruken av stor og liten forbokstav ved substantiv i norsk og tysk.

Fasit

  1. Substantiv er namn på personar (Lisa), dyr (Mons, gullfisk, hund), ting (tallerken, mat), naturfenomen (Alpane, regn), kjensler (kjærleik) og idéar (fridom).
  2. Eigennamn er namn på bestemte personar, dyr, stader osb. Nokre eksempel er Jonas, Nordsee, Berlin og Ingrid. Fellesnamn karakteriserer grupper av personar, dyr, ting osb. Nokre eksempel er gut, hav, Stadt (by) og Prinzessin (prinsesse).

  3. Ordklassen substantiv blir kalla Nomen eller Substantiv på tysk.

  4. På norsk skriv vi eigennamn med stor forbokstav og fellesnamn med liten forbokstav. På tysk skriv vi alle substantiva med stor forbokstav, både eigennamn og fellesnamn.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 23.05.2018