Einstieg: Gesund leben, was bedeutet das?

1. Thema: Gesund leben
Å leve eit sunt og godt liv: Kva betyr det?
Jobb åleine eller i par. Bruk ordbok, og finn ord og uttrykk til temaet helse (Gesundheit) og sunn livsstil (gesunde Lebensweise). Lag gjerne eit felles tankekart i klassen.
Diskuter med ein medelev. Oppsummer gjerne felles i klassen.
Wie lebt man gesund? Korleis lever ein sunt?
Ist gesund leben schwierig? Er det vanskeleg å leve sunt?
Leben Jugendliche in Norwegen gesund? Lever ungdommar i Noreg sunt?
2. Film: Vier Jugendliche erzählen
Sjå filmen (0:31) med Elvira, Jørgen, Sandra og Christian. Kva seier dei fire ungdommane om det å leve sunt? Kva er viktig for dei?
3. Was findest du wichtig, um gesund zu leben?
Kva tenker du er viktig for å leve sunt? Bruk punkta på lista under, og legg til andre punkt som du ser på som viktige. Skriv gjerne òg ein liten kommentar til punkta du har valt ut.
4. Top-Drei-Listen präsentieren
Presenter topp-tre-listene dykkar. Klarer de òg å grunngi valet de har gjort?