Ein gesundes Leben

Tips til arbeidsmåte
Les spørsmåla. Kva trur du er svaret på dei tre første spørsmåla i del B?
Sjå over glosene og les dei gjerne høgt i kor.
Sjå filmen og lytt konsentrert. Bruk gode lesestrategiar: Fokuser på det du forstår, og prøv å få med deg hovudpunkta.
Svar på dei tre spørsmåla under A. Svar på tysk.
Sjå filmen på nytt. Prøv å kjenne igjen ord frå andre språk du kan, til dømes norsk, svensk og engelsk. Det er òg lurt å gjette ut frå samanhengen kva eit ord du ikkje kjenner, kan bety. Då kan du få med deg mykje av innhaldet sjølv om du ikkje forstår alt som blir sagt.
Svar på spørsmåla under B. Svar på norsk for å vise kva du forstod.
Eine Austauschschülerin erzählt
Fragen zum Film
Sjå filmen (2:46) og svar på spørsmåla.
Wie heißt das Mädchen?
Woher kommt sie?
In welchem Land wohnt sie jetzt?
Sjå filmen på nytt og svar på spørsmåla. Transkripsjonen i boksen hjelper deg.
Kva er den mest populære idretten i Tyskland?
Kva idrett er mindre populær i Tyskland enn her i Noreg?
Kva er den vanlegaste skisporten i Tyskland?
Kva for ein organisert lagidrett driv Magdalena med?
Kva for nokre andre fritidsaktivitetar liker ho?
Kva seier ho om matvanane sine?