Valdtekt

Kva er valdtekt?
Ifølge norske lover og reglar er det ikkje lov å gjere noko seksuelt med ein person som søv, er dopa, bevisstlaus eller ikkje er i stand til å samtykke. Seksuelle aktivitetar utan samtykke er straffbare og skal meldast.
Skjer det penetrering i munnen (oralt), skjeden (vaginalt) eller rumpa (analt), blir det definert som ei valdtekt av lovverket og politiet. Om nokon prøver å gjennomføre penetrering på deg når du ligg sanselaus full, så er det valdtekt.
Valdtekt gjeld ikkje berre penetrering, men òg samleieliknande handlingar som onanering, å føre fingrar inn i vagina eller endetarmsopninga og sleiking av kjønnsorgan.
Kva seier lova?
I 2025 blei valdtekstlova endra for å gjere det endå meir tydeleg at alle seksuelle handlingar skal vere frivillige. Det vil seie at du alltid skal vere sikker på at den andre gir eit klart samtykke før du gjer ei seksuell handling med nokon.
Valdtekt er
å ha seksuell omgang med nokon som verken i ord eller handling har samtykt til det
å skaffe seg seksuell omgang ved vald eller truande åtferd
å ha seksuell omgang med nokon som i ord eller handling gir uttrykk for ikkje å vilje det
å ha seksuell omgang med nokon som er ute av stand til å motsetje seg handlinga
å ved vald eller truande åtferd få nokon til å ha seksuell omgang med ein annan eller til å utføre handlingar som svarer til seksuell omgang med seg sjølv
Kjelde: Straffelova §291: Valdtekt
Straffa for valdtekt er regulert i straffelova paragraf 291. Alle valdtekter, uavhengig av om personane kjenner kvarandre eller ikkje, er svært alvorlege straffbare handlingar.
Alle seksuelle omgangar med barn under 14 år blir òg definert som valdtekt. Ein grunnleggande regel i seksuallivet til oss menneske er at seksuelle aktivitetar alltid skal gå føre seg i relasjonar der dei involverte er jamgamle og samtykkande.
Sjå òg politiets informasjonsside om valdtekt og seksuelle overgrep.
Kven gjer seg skyldige i valdtekt?
Vi kan ikkje sjå utanpå nokon kven som har gjort eller kjem til å gjere seg skyldig i valdtekt. Alle kan risikere å gjere seg skyldige i valdtekt om dei ikkje er merksame og skjerpa. Det er ofte alkohol og rus med i biletet når ei valdtekt skjer. 40 prosent av valdtektene skjer på fest eller etter fest. Dei fleste som blir utsette for valdtekt, kjenner overgriparen. Valdtekta blir oftast gjord av ein venn, ein du kjenner, nabo, kollega, kjærast eller tidlegare kjærast.
Dei fleste av oss klarer å respektere grenser. Kva er det som skil elskarane frå krenkarane? Jo, dei som gjer det rette, veit å lytte til den andre. Dei veit at naken hud ikkje er synonymt med ein invitasjon. Dei veit at alle seksuelle aktivitetar er eit fellesprosjekt, ikkje eit soloprosjekt. Dei veit at det alltid skal finnast alternativ, og at om dei ikkje tillèt partnaren, elskaren eller vennen å ombestemme seg, så blir det eit overgrep.

Utsette for valdtekt
Ungdom mellom 15 og 24 år har størst risiko for å bli utsette for valdtekt. Det rammar både gutar, jenter, transpersonar og andre kjønn. Nesten ein tredel som opplever valdtekt, fortel det ikkje til nokon. Det vil seie at det er store mørketal, noko som betyr at det sannsynlegvis er langt fleire som blir utsette for valdtekt enn det som kjem fram i statistikkane.
Dei som har blitt utsette for valdtekt, kan få fleire seinskadar, mellom anna angst og psykiske lidingar. Mange slit òg med søvnproblem og konsentrasjonsvanskar. Å oppleve ei valdtekt er noko av det mest invaderande og vonde ein person kan oppleve. Det er derfor viktig at du veit kva valdtekt er, og kvar du finn hjelp.
Samtykke
Alle seksuelle aktivitetar er lov å vere med på i Noreg så lenge dei blir gjorde privat av personar over 16 år og i ein jambyrdig relasjon. Det betyr at de skal ha komme omtrent like langt i utvikling både kroppsleg og mentalt, og at de skal ha ein rettferdig maktbalanse. Det er heller ikkje lov å gjere noko seksuelt saman med personar du er i slekt med eller nokon som ikkje er i stand til å samtykke.
Vidare er det ikkje lov å tvinge ein kjærast til seksuell aktivitet. Dette blir òg definert som valdtekt. Ingen har rett til å gjere noko seksuelt med andre utan at dei veit heilt sikkert at den andre er einig. Tvang og seksuelle aktivitetar med ein person som ikkje ønsker det, er altså straffbart ifølge norsk lov. Det er dessutan brot på dei seksuelle rettane.
Partnar-valdtekt
Opplever du tvang frå ein partnar, kan det vere meir ubehageleg enn frå ein ukjend fordi du forventar respekt frå ein som står deg nær. Det er mange grunnar til at valdtekt skjer mellom kjærastar, venner og kjende. Til dømes kan det vere vanskeleg å merke kroppsspråket til den andre når hen er rusa fordi alkoholen gjer hjernen sløv og uoppmerksam. Er du full, ser du kanskje ikkje at den andre har ombestemt seg. Om du ikkje respekterer at den andre ombestemmer seg, men held fram med seksuell aktivitet, då gjer du ei valdtekt.

Eksperimentering
Det går fint an å eksperimentere saman med jamaldrande, gjerne prøve nye seksuelle aktivitetar, berre du hugsar å stoppe eller gjere noko anna når den andre ønsker det. Hint, ord og signal får du best med deg når du er skjerpa. Faktisk opplever du lettare kåtleik og orgasmar når du er skjerpa, opplagt, utkvilt og i form. Samtidig kan du lettare unngå å gjere deg skyldig i valdtekt fordi du merkar når den andre ikkje ønsker å bli penetrert.
Kvifor skjerpa?
Det er som nemnd viktig å vere skjerpa når du gjer seksuelle aktivitetar. Det er mellom anna tre grunnar til det. Den eine er at det er lettare å tilfredsstille den andre når du klarer å legge merke til dei små, men viktige reaksjonane på det du gjer. Den andre grunnen er at du sjølv vil oppleve meir nyting i kroppen når du er skjerpa og til stades. Den tredje grunnen er kanskje innlysande: Om du ikkje er skjerpa, korleis veit du då at du ikkje utset den andre for valdtekt?
Spør
Spørsmålet er: Gjer du ein seksuell aktivitet fordi du vil, fordi den andre vil eller fordi begge vil? For å finne ut av det må de spørje kvarandre, sjå på kvarandre og vere skjerpa. På fagspråket betyr det å innhente samtykke. Du må altså spørje den andre og respektere det svaret du får.
Melde og få hjelp
Har du blitt utsett for valdtekt eller overgrep, bør du kontakte politiet. Du kan melde anten på nett, chat eller telefon 02800. Etter ei valdtekt må du oppsøke valdtektsmottaket for å sikre bevis, så det er viktig å ikkje dusje før du har vore hos valdtektsmottaket. Du kan òg snakke med trygge fagfolk om du treng å komme deg etter valdtekta. Valdtektsmottaka i Noreg ligg ofte i nærleiken av legevakta til sjukehusa.
Kjenner du deg igjen i noko av dette og treng nokon å prate med?
Relatert innhald
Ifølgje dei seksuelle rettane har alle rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.
Grensesetjing, verdiar, normer, lover med tanke på kjønn, seksualitet og kropp.