Oppgave
Reflekter over eigen bruk av sosiale medium
Kvifor bruker du sosiale medium, og kva sit du igjen med? I desse oppgåvene skal du reflektere over din eigen bruk av sosiale medium.
- Kor ofte er vi på sosiale medium?
- Kva er dei viktigaste grunnane til at vi bruker sosiale medium?
- Kva kjensler sit vi igjen med?
- Korleis påverkar sosiale medium sjølvbiletet ditt?
Først skal du reflektere over din eigen mediebruk, deretter kan du dele refleksjonen med andre i landet i eit svarskjema på Google Skjemaer og sjå kva andre har svart på dei same spørsmåla.
Oppgåve 1: Reflekter over eigen bruk av sosiale medium
Svar på spørsmåla under og skriv ei kort grunngiving for vala dine. Du kan laste opp svara dine og lime dei saman i eitt dokument.
Oppgåve 2: Del eigne og sjå andre sine refleksjonar
Legg refleksjonane dine inn i Google-skjemaet.
Viss du sender inn svar, vil du få sjå kva andre har svart.