Oppgåve
Eit stressmeistrande klassemiljø
Kva kan de i klassen gjere saman for å minske press og negativt stress? I desse oppgåvene skal de lage konkrete forslag til kva lærarar og elevar kan gjere for å skape eit stressmeistrande klassemiljø.

Oppgåve 1: Kva kan elevar gjere for minske negativt stress?
- Korleis kan de hjelpe kvarandre å meistre faglege og sosiale utfordringar?
- Korleis kan de støtte og oppmuntre kvarandre?
- Korleis kan de hjelpe kvarandre å revurdere situasjonen og tenkje annleis når noko verkar vanskeleg og håplaust?
Oppgåve 2: Kva kan lærarar og elevar gjere saman?
Viss du skal vere heilt ærleg, kva for mål trur du at du sjølv og dei andre elevane i klassen din har for skulearbeidet?
- Å lære ny kunnskap og meistre nye evner?
- Å vise kva du kan og få ros og gode karakterar?
- Å unngå kjeft og dårlege karakterar?
- Kvifor trur de at elevar som fokuserer på å lære ny kunnskap og meistre nye evner, opplever mindre press og negativt stress enn elevar som har fokus på å vise det dei kan og få gode karakterar?
- Kvifor trur de det oppstår eit prestasjonsorientert miljø i enkelte klassar? Er det på grunn av samfunnet, skulen, læraren, foreldra eller elevane? Grunngi svaret.
- Korleis kan lærarane og elevane saman skape eit meistringsorientert læringsmiljø med større fokus på læring og mindre fokus på prestasjonar? Bli samde om minst tre konkrete forslag.
Oppgåve 3: Kva kan læraren gjere for å minske stress?
Korleis kan læraren kan skape mindre stress i klasserommet? Ta utgangspunkt i dei ti tipsa til læraren under. Viss de skulle velje tre råd til dykkar eigne lærarar, kva råd ville de gitt?
Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.