Refleksjonsnotat seksualitet - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Refleksjonsnotat seksualitet

Seksualiteten er ein viktig del av det å vere eit menneske. Reflekter over ulike sider ved seksualiteten til ungdommar i Noreg i dag.

Skriv eit refleksjonsnotat der du reflekterer over ein eller fleire sider ved seksualiteten til ungdommar. Du kan til dømes ta utgangspunkt i eitt eller fleire av følgjande spørsmål:

  • Kva er seksualitet?

  • Kvifor er seksualitet så viktig?

  • Korleis blir seksualiteten vår forma?

  • Kva for seksuelle rettar har ungdom?

  • Kvifor kan det vere viktig å snakke om seksualitet?

  • Kva er viktig for å oppnå ein tilfredsstillande seksualitet?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2021