Psykisk helse i Rådebank
1. Psykisk helse i Rådebank
Sjå filmen (lengde 10:35) og svar på spørsmåla under.
Kvifor trur du det er så vanskeleg for Robert Nilsen å fortelje om problema sine til vennen Glenn-Tore?
Kvifor trur du Robert vel å fortelje om problema sine til Glenn-Tore?
Kva synest du om måten Glenn-Tore prøver å hjelpe Robert på?
Er det vanskelegare for gutar enn for jenter å snakke om psykisk helse? Kvifor? / Kvifor ikkje?
I serien reagerer Hege på sjølvmordet til vennen på ein annan måte enn dei andre. Kvifor trur de vi reagerer så ulikt når vi møter psykiske utfordringar?
Korleis kan seriar som Rådebank hjelpe dei som har, eller kjenner nokon som har, psykiske utfordringar?
Ifølge filmen kan vi redusere sjølvmord blant unge menn viss fleire lærer seg å handtere kjærleikssorg, økonomisk usikkerheit og det å leve heilt vanlege liv. Kvifor trur du at desse utfordringane kan vere spesielt vanskelege å takle for mange gutar?
2. Utforsk temaet psykisk helse i Rådebank
Vel ein sesong eller ein episode av Rådebank. Sjå han først, og så bruker du han til å reflektere over psykisk helse.
Tips til sesongar og episodar
Sesong 1 handlar om kjærleikssorg.
Episode 8 "Rådebank" handlar om å takle kjærleikssorg.
Sesong 2 handlar om økonomisk usikkerheit og sjølvmord.
Episode 4 "Pokerfjes" handlar om årsaker til sjølvmord.
Episode 5 "Klovner i kamp" handlar om korleis venner og familie taklar sjølvmord.
Sesong 3 handlar om det å handtere kvardagslivet.
Tips til spørsmål du kan jobbe med
Kva psykiske utfordringar møter ungdommane?
Kor vanleg er det å møte på slike utfordringar i dei miljøa du kjenner til?
Korleis vel ungdommane å løyse utfordringane?
Reflekter over måten ungdommane i serien valde å løyse utfordringane sine på. Løyste dei dei på ein god eller dårleg måte? Kva blei konsekvensane av valet deira? Kva kunne dei ha gjort annleis?
Treng du nokon å snakke med?
Viss du har sjølvmordstankar, eller kjenner nokon du er bekymra for, er det viktig å oppsøke profesjonell hjelp. Ved akutt fare for sjølvmord må du alltid ringe 113.
Hjelpetelefonar og chattetenester
Røde Kors: Snakk med Kors på halsen
Kirkens SOS: Trenger du noen å snakke med?