Plast i barnehagar, skular og SFO - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Plast i barnehagar, skular og SFO

Leiker og utstyr til barn og unge er ofte produserte i plast. Plast kan påverke helsa og miljøet vårt. Derfor er det viktig at vi har ei bevisst haldning til bruk av plast i arbeid med barn og unge.

Leik og aktivitet

Leik og aktivitetar er ein viktig del av livet til barn. I leik og aktivitet bruker barn ulike leiketøy og utstyr. Leiketøy og utstyr som barn bruker, må vere av god kvalitet. Dei må vere slitesterke og tole ein god del, og dessutan lette å reingjere. Det er viktig at leikene og utstyret er trygt og ikkje utgjer ein helsefare – det vil seie at dei ikkje inneheld miljøgifter.

Leiker i plast

Mykje av utstyret og leikene barn bruker, er laga av plast.

Plastleiker kan innehalde farlege miljøgifter. Det er viktig å vere merksam på at mjuke plastleiker, som til dømes badeleiker, mange plastdokker, plastdyr og så vidare, inneheld eit stoff som heiter ftalater. Dette stoffet, ftalater, kan forstyrre vårt eige hormonsystem og utviklinga hos barn. Frå 2007 har det i Noreg vore forbode å bruke ftalater i leiker og produkt for barn opptil 14 år.

Plastleiker og plastprodukt utgjer ein fare for naturen dersom dei ikkje blir handterte på ein forsvarleg måte. Plast blir ikkje broten ned i naturen, men smuldrar opp i mindre bitar (mikroplast), som då kan takast opp av dyr som trur det er mat. Det er funne mikroplast i matvarer som fisk og sjømat, honning, bordsalt, sukker, flaskevatn og kranvatn. Dyr kan òg setje seg fast i plastposar, tau og andre større plastgjenstandar og døy av det.

Ansvar som barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ansvar for at leiketøy og utstyr som barna bruker, er trygt, og at bruk ikkje fører til helseskadar. Samtidig har du som barne- og ungdomsarbeid ansvar for å lære barn om plast og bidra til at dei får kunnskap og utviklar vilje til å ta vare på miljøet vårt.

Alternativ til plast

I denne oppgåva skal du undersøkje kvifor det er ønskjeleg å redusere bruk av plast, kor mykje plast som blir brukt på ein arbeidsplass der du som barne- og ungdomsarbeidar kan jobbe, og korleis vi kan redusere bruk av plast i arbeid med barn. Gjer avtale med ein barnehage, skule, SFO, klubb eller bustad om å få komme på besøk for å undersøkje og gjere eit intervju.

Oppgåver

  1. Diskuter fordeler og ulemper med bruk av plast i barnehage og skule/SFO. Er det viktig å redusere bruken av plast i skular og barnehagar? Er det forskjell på kva typar plast det er snakk om og kva dei blir brukte til?
  2. Ta kontakt med ein arbeidsplass for intervju. De kan til dømes undersøkje

    • kva som finst av leiker og utstyr som inneheld plast
    • rutinar for handtering av plastavfall
    • korleis dei jobbar for å bevisstgjere barna når det gjeld plast
    • korleis dei jobbar for å leggje grunnlaget for evna barna har til å tenkje kritisk i omgang med plast
    • korleis barnehagar, skular og SFO kan redusere plastforbruket sitt
  3. Du har fått i oppgåve å kjøpe inn leiker og utstyr til avdelinga di eller SFO (vel sjølv kva alder). Kva utstyr og kva leiker kan du skaffe for at det skal vere miljøvennleg? Lag ei liste og finn alternative leiker som ikkje inneheld plast. Til dømes:

    • Turkopper i plast kan erstattast med metallkoppar.
    • Plastperler kan erstattast med...
    • Plastspadar kan erstattast med…
    Kor viktig er prisen på leikene som skal kjøpast inn?
  4. Barnehagen Leketoppen har bestemt seg for å redusere bruk av plast mest mogleg. Du har fått ansvaret for å lage eit skriv til dei føresette der du forklarer bakgrunnen for avgjerda og kva konsekvensar dette får for barnehagen.
Skrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2020